Prestøygardsvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. februar 2017 kl. 09:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: puss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Prestøygardsvatnet ein sein sommarkveld i 2015.

Prestøygardsvatnet er eit vatn på heia (438 moh.), langs Fylkesveg 306 (Gautestadvegen), mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det heng saman med Storøygardsvatnet i sør. På vestsida av vatnet ligg Einerkilen. På austsida går det køyreveg vidare forbi Storøygardsvatnet inn til Vikstølvatnet og garden Vikstøl. Nord-aust for vatnet låg Prestøygard, øygarden til Evje prestegard etter Svartedauden. I dag ligg bureisingsbruket Røyrtveit her.

Frå Høvringsvatnet og ut i Prestøygardsvatnet renn Klepslandsåna. Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.

På slutten av 1960-talet var Prestøygardsvatnet på det næraste fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren Hans Kalleberg. Laget sette i gong eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.

Kjelder