Vikstølvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vikstølvegen forbi Prestøygardsvatnet.
Foto: Geir Daasvatn
Vikstølvegen er ein om lag 2,4 kilometer lang privat grusveg frå Suva ved Prestøygardsvatnet forbi Storøygardsvatnet inn til garden Vikstøl ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune.
Vegen stod ferdig i 1937. Ei stund tenkte ein seg at vegen kanskje kunne bli ein gjennomgangsveg om Håtveit inn på Arendalsvegen. Men desse planane blei det aldri noko meir av.
På 1970-talet blei vegen nedklassifisert frå kommunal til privat veg då det ikkje lenger var fast busetnad på Vikstøl-garden. Vegen er likevel mykje i bruk, då det er mange fritidsbustader i området rundt Prestøygardsvatn og Storøygardvatn.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 274.