Evje (Prestegarden)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evjekilen med Prestegarden og Evje kyrkje i bakgrunnen.

Evje prestegard er ein gard (gnr. 56) i Evje og Hornnes kommune.

Namnet

Bjørnefjellbekken renn forbi garden, og lagar ei evje - ein stad der vatnet sviv i ring - før han renn ut i Otra frå aust. Denne evja, kanskje saman med ei anna evje på vestsida av elva, gav først namn til garden.

Historie

Truleg kom garden til i romersk jernalder, kanskje i andre halvdelen av denne (år 200–400 e.Kr.). Ein meiner garden er mellom dei eldste i bygda, og han var ei tid den største i heradet. I vikingtida må han ha vore hovdinggard. Det er eit gravfelt med minst 10 gravhaugar på garden.

Seinare vart kyrkja bygd på Evje-garden. Garden kom med det til å gje namn først til soknet, etter reformasjonen til prestegjeldet, og seinare til Evje kommune og tettstaden Evje.

Kjelder

Sjå også

Kart

Laster kart...