Vikestølvatnet

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Vikstølvatnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikstølvatnet sommaren 2014. Vatnet var då mykje nedtappa i samband med utbygging av Lislevatn kraftverk, som skal bruke Vikstølvatnet som inntaksmagasin.

Vikestølvatnet ligg inne mellom heiene aust i Evje i Evje og Hornnes kommune. Det er 1,4 km² stort. Ut av vatnet renn Håtveitåna ned i Lislevatnet og vidare austover i Vegusdal til Tovdalselva.

Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefoss kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt løyve til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i Håtveitåna rett nedanfor Håtveitfossen i sørenden av Vikstølvatnet.

I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes kommune. Lislevatn kraftverk vil nytte Vikstølvatnet som inntaksmagasin. Tiltaket vil venteleg innebere at vatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.

Kjelder

Norges vassdrags- og energidirektorat, Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk, dagsett 19. april 2012

Kart

Laster kart...