Prestøygardsvatnet
Prestøygardsvatnet er eit vatn på heia (438 moh.), langs Fylkesveg 306 (Gautestadvegen), mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det heng saman med Storøygardsvatnet i sør. På vestsida av vatnet ligg Einerkilen. På austsida går det køyreveg vidare forbi Storøygardsvatnet inn til Vikstølvatnet og garden Vikstøl. Nord-aust for vatnet låg Prestøygard, øygarden til Evje prestegard etter Svartedauden. I dag ligg bureisingsbruket Røyrtveit her.
Frå Høvringsvatnet og ut i Prestøygardsvatnet renn Klepslandsåna. Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.
På slutten av 1960-talet var Prestøygardsvatnet på det næraste fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren Hans Kalleberg. Laget sette i gong eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 183-186
- Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2011, side 50