Høvringsvatn

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Høvringsvatnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Høvringsvatn sett frå Årdalsknapen.
Kveld ved Høvringsvatn.

Høvringsvatn er eit vatn ved Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det ligg 481 moh, og har ei overflate på 3,89 km². Rundt vatnet er det 20,92 km. Vatnet har ei reguleringshøgde på 8 meter. Største lengde er fem kilometer og største breidde er to kilometer. Vatnet ligg om lag ei mil nordaust for Evje og om lag seks kilometer søraust for Byglandsfjord.

Ut av vatnet og vidare til Tovdalsvassdraget renn Klepslandsåna.

Geologi

Det mørke fjellet i Evje og Hornnes, amfibolittfeltet, er opphaveleg gabbro og dioritt, to beslektete dypbergarter. Området som Høvringsvatnet ligg i er ein batholitt med granittisk/monzonittisk samansetting.

Kart

Laster kart...

Referansar


Eksterne lenker