Bjarne Tveiten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
LItt om medverknad då Setesdal sogelag blei skipa
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Språkpuss
 
Line 2: Line 2:
'''Bjarne Tveiten''' (fødd [[19. mars 1942]], død 25. februar 2020) vaks opp i [[Breive]] i [[Bykle kommune]]. Han tok examen artium på [[Hornnes landsgymnas]] og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i [[Bykle]] og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist.  
'''Bjarne Tveiten''' (fødd [[19. mars 1942]], død 25. februar 2020) vaks opp i [[Breive]] i [[Bykle kommune]]. Han tok examen artium på [[Hornnes landsgymnas]] og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i [[Bykle]] og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist.  


Han har vore bokmeldar i ''[[Fædrelandsvennen]]'' og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert [[Bykle Radio]] og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i ''Dag og Tid'', ''[[Jol i Setesdal]]'', ''Norsk skoleblad'' og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då [[Setesdal sogelag]] vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget. Forut for skipinga hadde Bjarne møttest saman med [[Knut K. Homme]] ([[Valle]]), [[Magnhild Rygg]] ([[Bygland]]) og [[Beint Foss]] frå [[Agder Historielag]] om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland.
Han har vore bokmeldar i ''[[Fædrelandsvennen]]'' og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert [[Bykle Radio]] og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i ''Dag og Tid'', ''[[Jol i Setesdal]]'', ''Norsk skoleblad'' og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då [[Setesdal sogelag]] vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget. Forut for skipinga hadde han møttest saman med [[Knut K. Homme]] ([[Valle]]), [[Magnhild Rygg]] ([[Bygland]]) og [[Beint Foss]] frå [[Agder Historielag]] om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland.


Saman med [[Egil Torin Næsheim]], [[Per Breivegen]] og [[Bjørnar Mørenskog]] medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som [[Egil Torin Næsheim]] måla for [[Hovden Fjellstoge]]. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene ''Underet i Breive'', ''Somby'' og ''Eventyrleg'' som vart illustrert av Egil Torin Næsheim.  
Saman med [[Egil Torin Næsheim]], [[Per Breivegen]] og [[Bjørnar Mørenskog]] medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som [[Egil Torin Næsheim]] måla for [[Hovden Fjellstoge]]. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene ''Underet i Breive'', ''Somby'' og ''Eventyrleg'' som vart illustrert av Egil Torin Næsheim.  

Siste versjonen frå 9. mars 2023 kl. 11:25

Bjarne Tveiten
Født: 19. mars 1942
Død: 25. februar 2020 (77 år)

Bjarne Tveiten (fødd 19. mars 1942, død 25. februar 2020) vaks opp i Breive i Bykle kommune. Han tok examen artium på Hornnes landsgymnas og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i Bykle og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist.

Han har vore bokmeldar i Fædrelandsvennen og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert Bykle Radio og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i Dag og Tid, Jol i Setesdal, Norsk skoleblad og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då Setesdal sogelag vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget. Forut for skipinga hadde han møttest saman med Knut K. Homme (Valle), Magnhild Rygg (Bygland) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland.

Saman med Egil Torin Næsheim, Per Breivegen og Bjørnar Mørenskog medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som Egil Torin Næsheim måla for Hovden Fjellstoge. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene Underet i Breive, Somby og Eventyrleg som vart illustrert av Egil Torin Næsheim.

Han har representert Bykle SV i Bykle kommunestyre.

Familie

I 1967 gifta Bjarne Tveiten seg med Solfrid Haugen (1944–2019) frå Lurøy i Nordland, og dei fekk borna Bjørg-Sissel, Lill-Grethe Tveiten og Magnus Olav Tveiten. Solfrid døydde i 2019 og då Bjarn døydde i 2020, etterlet han seg svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Bykle nye kyrkje fredag 6. mars 2020 klokka 11. Like kjært som blomar var ei minnegåve til Leger utan grenser som kunne gjevast i kyrkja.

Bibliografi

Bøker

Artiklar

Kjelder