Per Breivegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Per Breivegen
Født: 13. desember 1948
Død: 10. august 2005 (56 år)

Per Breivegen (fødd 13. desember 1948 på Lillehammer, død 10. august 2005) budde på Hovden. Han etterlet seg kona Liv Breivegen og barna Knut Breivegen, Odd Breivegen og Tor Breivegen, samt svigerdotter og annan familie. Gravferda var frå Fjellgardane kyrkje torsdag 18. august 2005 klokka 14. Etter gravferda var det minnestund i Hovden grendehus.

Han var bare tre år gammal då foreldrene kom til Setesdal. Første året budde dei på Bjåen, deretter budde dei i Brotteli innanfor Botsvatn då faren, Ola Breivegen, hadde jobb som oppsynsmann i Njardarheim. Då Per begynte på skulen, flytta familien til Hovden, då fekk far hans arbeid som damvaktar for Otteraaens Brugseierforening.

Etter grunnskulen gjekk Per Breivegen på Kvitsund gymnas og sidan på gymnaset på Vinstra. Før han begynte på lærarskulen i Kristiansand hadde han og studert litt i Bergen. Han hadde og vore lærar på Utsira før han begynte på lærarskulen, og då han var ferdig, vart han lærar på den interkommunale ungdomsskulen i Valle. I Valle møtte han Liv og gifte seg med henne og etter kvart hamna dei på Hovden att, der han vart lærar på Fjellgardane skule då den stod ferdig.

Per Breivegen var samfunnsengasjert og kom inn i Bykle kommunestyre i 1980 for Arbeiderpartiet. Utover på 1980-talet hadde han ei rekke politiske verv, mellom anna i hovudutval for kultur og i hovudutval for helse og sosialsektoren. Der var han og leiar frå 1988 til 1991. Han var og engasjert innan folkemusikk og var leiar i Setesdal Spelemannslag i fleire år. Han var med frå starten i sogenemnda som blei sett ned på 1990-talet for å sjå på ei fornying av ættesoga for Bykle. Han var ei av eldsjelene i dette arbeidet heilt fram til sommaren han døydde.

Kjelder[rediger]