Hopp til innhald

Abusland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Abusdalsvegen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Abusland skule
Line 18: Line 18:


[[Fil:Abusland skulehus 271114.JPG|miniatyr|høyre|Det gamle skulehuset. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Abusland skulehus 271114.JPG|miniatyr|høyre|Det gamle skulehuset. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
Abusland skulekrins fekk eige skulehus i 1913. Skulestova var i bruk til rundt 1960. Etter det måtte borna ned til [[Moi skule]] på Moisund for å gå på skule.
Abusland skulekrins fekk [[Abusland skule|eige skulehus]] i 1913. Skulestova var i bruk til rundt 1960. Etter det måtte borna ned til [[Moi skule]] på Moisund for å gå på skule.


==Heimar og bruk==
==Heimar og bruk==

Versjonen frå 3. august 2016 kl. 11:02

Abusland ein kald desemberdag.

Abusland er ein gard (gnr. 31) og ei lita grend på heia heilt sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Dialektuttalen kan i følge kjennarar vere både Apåslann og Åpåslann, men mange uttaler også namnet slikt det som oftast vert skrive (Abusland). I alle høve kjem namnet tvillaust av trenamnet apaldr (epletre). Det er mange slike namn på Agder.

Nord-vest for Abusland ligg garden Abusdal. Nabogard mot aust er Kalland. Ein kjem til Abusland med bil ved å køyre Fylkesveg 301 (Abusdalsvegen) som tek av frå Riksvei 9 ved HannåsmoenMoisund. Derfra er det om lag 12,3 km til Abusland. Kjem ein frå vest, frå Sveindal, kan ein køyre vegen over Hannåsfeltet og kome ut på Fv-301 til Abusland før Fjellestad.

Abusland-grenda ligg høgt og fritt i landskapet, og vest for vannskilet. Abuslandsbekken (Kallandsbekken) som renn gjennom garden, renn difor ikke austover til Otra men til Kosåna i Mandalsvassdraget.

Det er funne spor av minst seks steinalderbustader rundt Kosvatn og ein langs Kosåna mellom Kosvatn og Myglevatn. På nabogarden Kalland er det funne tre flintøkser som er rekna for å vere rundt 4500 år gamle (yngre steinalder). Det må difor ha vore eit folkeliv å rekne med i dette området i steinalderen.

Abusland er ein -landgard. Mange av desse gardane er i følge namnegranskarane frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Men det er ikkje funne gravhaugar frå denne tida på Abusland. Ein kan difor ikke slå fast at garden er så gamal. Det kan like mykje vere ein indikasjon på at garden ikkje er ein folkevandringsgard.

Dei første bøndene ein kjenner namna til på Abusland er Ivar Abusland og Børuf Abusland. Dei er begge nemde i offentlege dokument frå 1591.

Hattefossen med ruinane etter det gamle sagbruket.

Hornnes var midt på 1950-talet ei av dei største tønnestav-bygdene i landet. Abusland-grenda var ein av dei første stadane i Hornnes der ein tok til med stavproduksjon. Stavindustrien er gamal der i garden. Den første saga på Abusland skal ha blitt reist rundt år 1900. Eter det kom det ei rekkje sager rundt omkring i garden. I Kultursoga for Evje og Hornnes heiter det at - det var sag ved alle fossar og sagmeistrar i alle heimar. Det var eit rikt fagleg miljø i grenda, og kunnskapen om sagbruksdrift og stavproduksjon var stor.

Eit etter måten større sagbruk stod vest for garden, i Hattefossen i osen av Kosvatn. Denne saga brann ned to gonger, og i dag står bare murane attende.

Det gamle skulehuset.

Abusland skulekrins fekk eige skulehus i 1913. Skulestova var i bruk til rundt 1960. Etter det måtte borna ned til Moi skule på Moisund for å gå på skule.

Heimar og bruk

Kjelder

Eksterne lenker

Åpåsland eller Abusland? Heftig navnediskusjon på Moisund.com