Skilnad mellom versjonar av «Setesdalskonferansen 2013»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
sIngen redigeringsforklaring
Line 64: Line 64:


==Påmelding==
==Påmelding==
Påmelding til post@setesdal.no, innan 1. april. Pris: 1000 kroner for deltaking, mat og overnatting.
Påmelding til [mailto:post@setesdal.no Setesdal Regionråd] innan 1. april. Pris: 1000 kroner for deltaking, mat og overnatting.


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 3. april 2013 kl. 21:23

Setesdalskonferansen 2013

Setesdalskonferansen 2013 var lagd til Hovden torsdag 18. april 2013 og fredag 19. april 2013. Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat. Arrangementet blir støtta av Setesdal regionråd.

Program

Torsdag

09:30 Registrering Hovden grendehus - kaffi og fingermat

10:00 Konferanseopning! Petter Planke: Grip dagen! Korleis sjå moglegheiter der andre ser hindringar? Den industrielle nyskaparen bak blant anna suksessane Tomra Systems AS og no trimapparatet Redcord AS – deler røynsler frå meir enn 50 år som skapar!

11:00 Vi tek pulsen på næringslivet på Hovden - samla utflukt! Fjellgarden Hovden - godt handverk, teft og hardt arbeid - ekte bybønder! Merethe Hjemdahl og Rolf Arne Haugen - pølsemakeri og lokal matsatsing, gardsutsal og mangesyslar i høgda!

Hovden Skisenter - vi gnur på! Investor og «litt cowboy» - Roger Hagel Sørli - visjonar og ambisjonar!

Lunsj i Hovden Alpin Lodge

12:45 Retur til Hovden grendehus - kaffi

13:00 Hovden Hytteservice - med anleggsmaskiner, mobil i lomma - og gasellestatus Jo Breivegen fortel litt frå si gründerhistorie - på rett stad til rett tid - heile tida!

13:30 Erling Hellum: Vekst, innovasjon og auka lønsemd - Setesdal Direktør Innovasjon Norge Agder røpar triksa!

14:30 Dag Otto Lauritzen: Alt er mogleg - det umoglege tek berre litt lengre tid! Det seier Lauritzen i sitt føredrag om korleis ein kan ta tak i seg sjølv og omgjevnadene når ein vil nå nye mål og prestere noko ekstra. Han talar av røynsle!

16:00 Styrk Fjærtoft Trondsen: Frå draum til røyndom - om å ta styringa i eige liv -Kva gjer du om gleda i livet forsvinn? Styrk deler opplevingar frå levd liv.

17:30 Innsjekk Hovdehytta - overnatting etc / slakk i programmet J

18:00 Musikalsk stemningstime - mingling i baren og kanskje ein quiz?

19:30 Felles avreise til Hovden Fjellstoge

20:00 Eventyrleg, raus og ekte festmiddag - kjøkemeister Ole P. Bruun Setesdalsprisen 2013 - utdeling ved Erling Hellum

Skytteltransport tilbake til Hovdehytta - siste reis 02:30!

Fredag

09:00 Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla: Nye tider - nye generasjonar - Hasla Markveien Sosiale medier, produktplassering, merkevarebygging - ei forteljing om å «vere der» og møte marknaden med ungt blikk!

09:30 Siren Marcussen Neset: Skattefunn og anna snadder. Frå Norges forskningsråd, Agder

10:00 Næringspolitisk kilebenk! Politisk panel (høve til spørsmål og meiningsytringar frå salen)

10:30 Einar Gelius: Himmel & helvete - etikk og leiing. Gelius stend støtt på eigne bein heime att i Arendal etter å ha fått sparken som prest i Statskyrkja gjennom 25 år! 2013 er tida for leiarar og medarbeidarar som har fokus på verdiar, samfunnsansvar og omdømebygging.

12:00 Speakers corner - nytt og nyttig sidan sist!? Spørje- og meiningsytringstid - plenum for dei som har noko på hjarta. NB: Friviljug

12:30 Avslutting, lunsj og heimreise

Deltakarar

Programkomite

Connie Barthold/Evje Utvikling, Knut På Bø/Setesdalstrykk, Ole P. Bruun/Hovden Høyfjellssenter, Harald Haugland/Setesdalswiki og Ørnulf Hasla/Hasla. Med i komiteen er òg Signe Sollien Haugå og Siri Alice Øvergård i Setesdal Regionråd.

Påmelding

Påmelding til Setesdal Regionråd innan 1. april. Pris: 1000 kroner for deltaking, mat og overnatting.

Eksterne lenker