Abusland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Abusland
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Abusland - Hornnes 181209.JPG|miniatyr|høyre|Abusland ein kald desemberdag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Abusland''' er ein gard (gnr. 31) og ei lita grend på heia heilt sør-vest i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Dialektuttalen kan i følge kjennarar vere både Apåslann og Åpåslann, men mange uttaler også namnet slikt det som oftast vert skrive (Abusland). I alle høve kjem namnet tvillaust av trenamnet ''apaldr'' (epletre). Det er mange slike namn på Agder.
'''Abusland''' er ein gard (gnr. 31) og ei lita grend på heia heilt sør-vest i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Dialektuttalen kan i følge kjennarar vere både Apåslann og Åpåslann, men mange uttaler også namnet slikt det som oftast vert skrive (Abusland). I alle høve kjem namnet tvillaust av trenamnet ''apaldr'' (epletre). Det er mange slike namn på Agder.



Versjonen frå 18. desember 2014 kl. 12:15

Abusland ein kald desemberdag.

Abusland er ein gard (gnr. 31) og ei lita grend på heia heilt sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Dialektuttalen kan i følge kjennarar vere både Apåslann og Åpåslann, men mange uttaler også namnet slikt det som oftast vert skrive (Abusland). I alle høve kjem namnet tvillaust av trenamnet apaldr (epletre). Det er mange slike namn på Agder.

Nord-vest for Abusland ligg garden Abusdal. Nabogard mot aust er Kalland. Ein kjem til Abusland med bil ved å køyre fylkesvegen som tek av frå Riksvei 9 ved HannåsmoenMoisund. Derfra er det om lag 12 km til Abusland. Kjem ein frå vest, frå Sveindal, kan ein køyre vegen over Hannåsfeltet og kome ut på fylkesvegen til Abusland før Fjellestad.

Det er funne spor av minst seks steinalderbustader rundt Kosvatn og ein langs Kosåna mellom Kosvatn og Myglevatn. På nabogarden Kalland er det funne tre flintøkser som er rekna for å vere rundt 4500 år gamle (yngre steinalder). Det må difor ha vore eit folkeliv å rekne med i dette området i steinalderen.

Abusland er ein -landgard. Mange av desse gardane er i følge namnegranskarane frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Men det er ikkje funne gravhaugar frå denne tida på Abusland. Ein kan difor ikke slå fast at garden er så gamal. Det kan like mykje vere ein indikasjon på at garden ikkje er ein folkevandringsgard.

Dei første bøndene ein kjenner namna til på Abusland er Ivar Abusland og Børuf Abusland. Dei er begge nemde i offentlege dokument frå 1591.

Folk, heimar og bruk

Kjelder