Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15): Skilnad mellom versjonar
s tilf antatt alder på steinalderfunnet |
s →Kjelder: rettet skrivemåten i bygdeboknemda |
||
| Line 36: | Line 36: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg. | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg. | ||
*Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes | *Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 31 | ||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 29. oktober 2014 kl. 11:38

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål.
I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.
Bruka i Hornnes-garden
- Lunnen
- Futegarden
- Haugen
- Der ute
- Neset
- Doktermonen
- Åsan
- Hasseldalen
- Birkåsen
- Valhall
- Hornnes jernbanestasjon
- Risdal
- Halland
- Birketveit
- Gunheim
- Frøysnes
- Ljosland
- Neset, nedre
- Liestøl
- Oseng
- Haugtun
- Voilestø
- Nestun
- Åstun
- Samtun
- Frydentop
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 330 flg.
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 31