Koparhola: Skilnad mellom versjonar
Koparhola Evje |
s Orto |
||
| (2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Koparhola''' var ei gamal gruve i [[Mykleåsen]] i [[Flatebygd]] i [[Evje]], der det seinare blei stordrift etter nikkel i [[Flåt | '''Koparhola''' var ei gamal gruve i [[Mykleåsen]] i [[Flatebygd]] i [[Evje]], der det seinare blei stordrift etter nikkel i [[Flåt nikkelgruve]]. | ||
Ein veit ikkje sikkert når det først vart drive etter kopar i Koparhola. Men i 1830 blei eit mindre parti med koparmalm som var blitt liggande igjen ved gruva, sendt til prøvesmelting i Froland. Historia til Koparhola må såleis gå mykje lenger attende enn 1830. Den lokale gruvekjennaren [[Sigmund Monen]] spekulerer på om det kan ha vore [[Peder Lind]] som starta opp gruvedrift i Koparhola rundt 1680, | Ein veit ikkje sikkert når det først vart drive etter kopar i Koparhola. Men i 1830 blei eit mindre parti med koparmalm som var blitt liggande igjen ved gruva, sendt til prøvesmelting i Froland. Historia til Koparhola må såleis gå mykje lenger attende enn 1830. Den lokale gruvekjennaren [[Sigmund Monen]] spekulerer på om det kan ha vore [[Peder Lind]] som starta opp gruvedrift i Koparhola rundt 1680, om lag på same tid som han dreiv etter kopar i [[Straumsheia]] i [[Valle]]. Men Monen understrekar at ein ikkje har noko prov på kven som dreiv først i Koparhola, eller når den første drifta skjedde. | ||
Då gruvedrifta i Straumsheiene var på det mest aktive, i perioden med [[Det Sæthersdalske Kobberværk]] på [[Åraksbø]] rundt | Då gruvedrifta i Straumsheiene var på det mest aktive, i perioden med [[Det Sæthersdalske Kobberværk]] på [[Åraksbø]] rundt 1845–1850, henta dei også malm til smeltehytta frå Koparhola i Evje. Truleg dreiv Setesdalens Kobberverk ned til ca. 35 meters djup i gruva på Flåt då. Men då drifta i Åraksbø stoppa rundt 1850, blei det også slutt på drifta i Koparhola. Mykje koparmalm blei bare liggande på Flåt, og kom aldri opp til Åraksbø. Gruva blei no liggande i fred heilt fram til det blei starta opp med prøvedrift etter nikkel der i 1869. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 53 og 62 | *[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 53 og 62 | ||
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, side | *[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, side 43–44 | ||
[[Kategori:Gruver i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Gruver i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Evje]] | |||
Siste versjonen frå 19. desember 2021 kl. 08:11
Koparhola var ei gamal gruve i Mykleåsen i Flatebygd i Evje, der det seinare blei stordrift etter nikkel i Flåt nikkelgruve.
Ein veit ikkje sikkert når det først vart drive etter kopar i Koparhola. Men i 1830 blei eit mindre parti med koparmalm som var blitt liggande igjen ved gruva, sendt til prøvesmelting i Froland. Historia til Koparhola må såleis gå mykje lenger attende enn 1830. Den lokale gruvekjennaren Sigmund Monen spekulerer på om det kan ha vore Peder Lind som starta opp gruvedrift i Koparhola rundt 1680, om lag på same tid som han dreiv etter kopar i Straumsheia i Valle. Men Monen understrekar at ein ikkje har noko prov på kven som dreiv først i Koparhola, eller når den første drifta skjedde.
Då gruvedrifta i Straumsheiene var på det mest aktive, i perioden med Det Sæthersdalske Kobberværk på Åraksbø rundt 1845–1850, henta dei også malm til smeltehytta frå Koparhola i Evje. Truleg dreiv Setesdalens Kobberverk ned til ca. 35 meters djup i gruva på Flåt då. Men då drifta i Åraksbø stoppa rundt 1850, blei det også slutt på drifta i Koparhola. Mykje koparmalm blei bare liggande på Flåt, og kom aldri opp til Åraksbø. Gruva blei no liggande i fred heilt fram til det blei starta opp med prøvedrift etter nikkel der i 1869.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 53 og 62
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 43–44