Prestøygardsvatnet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Gautestadvegen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: puss
 
Line 7: Line 7:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 183-186   
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, side 183-186   
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', artikkel i [[Arnstein 2011]], side 50
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', artikkel i [[Arnstein 2011]], side 50


[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]

Siste versjonen frå 7. februar 2017 kl. 09:54

Prestøygardsvatnet ein sein sommarkveld i 2015.

Prestøygardsvatnet er eit vatn på heia (438 moh.), langs Fylkesveg 306 (Gautestadvegen), mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det heng saman med Storøygardsvatnet i sør. På vestsida av vatnet ligg Einerkilen. På austsida går det køyreveg vidare forbi Storøygardsvatnet inn til Vikstølvatnet og garden Vikstøl. Nord-aust for vatnet låg Prestøygard, øygarden til Evje prestegard etter Svartedauden. I dag ligg bureisingsbruket Røyrtveit her.

Frå Høvringsvatnet og ut i Prestøygardsvatnet renn Klepslandsåna. Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.

På slutten av 1960-talet var Prestøygardsvatnet på det næraste fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren Hans Kalleberg. Laget sette i gong eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.

Kjelder