Torleif O. Homme

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Torleif Homme (prest))
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleif O. Homme
Torleif Homme ca 1926.jpg
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Født: 17. august 1852
Død: 6. mai 1936 (83 år)

Torleif O. Homme (fødd 17. august 1852 i Valle, død 6. mai 1936 i Hornnes) var lærar, prest, målmann, forfattar og fråhaldsmann, men framfor alt ein stor tenkjar og religionsgranskar i si tid. Han vart fødd og vaks opp i Valle, og var sterkt knytta til heimbygda si heile livet, men levde dei siste åra sine i Hornnes. Han er gravlagd ved Hornnes kyrkje.

Livsveg

Barneår i Valle

Foreldra til Torleif var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Då han vart fødd, budde dei på Feddufs, ein husmannsplass under Flateland. Sjølve fødselen skal ha funne stad medan mora var på støylen Voglumtveit. Seinare kom dei til Bronen, ein plass under Homme. Her budde Torleif frå han var sju til han var 14 år gamal. Frå denne staden tok han seinare etternamnet Homme.

Både på farssida og morssida var slekta mellom dei mest framståande i Valle, og Torleif ætta i bein line frå Vonde-Åsmund Rygnestad. Foreldra hadde ei tid gard i Telemark. Men dei greidde ikkje å halde på garden, og kom heim igjen til Valle før Torleiv vart fødd.

Torleif vaks opp i tronge kår. Men han lærte tidleg å lese. Det er fortald at mor til Torleif korkje kunne lese eller skrive. Men ho ville gjerne at borna skulle få det betre, og hadde merka seg at Torleif var forviten og lærenem. Vanlege bøker var mest ikke å finne. Ho tok Torleif med seg til grannegarden Lii, og fekk folka der til å lære han å lese i Bibelen. Alt i barneåra skal han ha sett seg som mål at han aldri ville bry seg med det som var skikk og bruk mellom folk, men alltid gjera det han tykte var rett og godt. Ved sida å samle seg kunnskap gjennom mykje lesing, lærte han seg også å bruke hendene, noko han fekk nytte av gjennom heile livet. Han må ha vore ein heilt uvanleg unggut, med rike intellektuelle gåver, men framfor alt andre interesser, ei anna haldning, enn gutungar flest.

Ut i verda

I 1867 reiste Torleif Homme til Fjære ved Grimstad der han gjette sauer og arbeidde ved eit båtbyggeri. Sommaren 1868 var han gjetar ved Nes jernverk i Tvedestrand. Hausten 1868 kom han til Flatdal i Telemark, til søskenbarnet Aasmund Sveinson Nordgard. Nordgard eigde eit lite gardsbruk, og var lærar og kyrkjesongar. Han var også, med Homme sine ord, ein høvding mellom norskmålsmennene i Telemark. Her, i Telemark, vakna norskdomstanken i Homme.

Homme tente som gardsdreng i tre år. Dette var arbeid han kunne, men hugen stod til bøkene. Nordgard hjelpte han inn på lærarskulen i Kviteseid. Han tok lærareksamen her i 1873 med svært gode karakterar.

Foreldra og søskena til Homme var i mellomtida reist til Amerika. Han drog etter i 1873. Han kom inn på Luther College i Iowa. Det var eit seksårig gymnas. Homme arbeidde på farmane om somrane og las om vintrane, og tok studenteksamen på fem år i staden for seks. Han gjekk ut med laud i 1878. Han utdanna seg vidare på Luther Seminary i Wisconsin, og var ferdig utdanna prest etter dei amerikanske krava i 1881.

Men i åra etter 1881 arbeidde Torleif Homme ikkje som prest. Han hadde gardsarbeid, var kyrkjesongar, underviste barn og ungdom, var vikar for ein prest og studerte eit par semester vidare på statsuniversitet i Madison. I 1887 reiste han heim igjen til Noreg.

Lærar på amtsskulen for dei indre bygdene

Torleif Homme fullførde teologistudia hausten 1890 og våren 1891 vart han ferdig med den praktiske delen av presteutdanninga. Sommaren 1891 blei han tilsett som lærar i amtsskulen i Nedenes. I 1892 kom han som styrar til den ambulerande amtsskulen for dei indre bygdene, skulen som seinare blei fast på Galteland i Evje under namnet Setesdals ungdomsskule. Han for med skulen frå bygd til bygd, frå Valle til Iveland og austover til Mykland og Herefoss. Her blei han verande som lærar i heile 17 år, til 1908.

Homme ville meir enn å gje dei unge kunnskap. Han meinte at kristendomen måtte gjennomsyre all privat og offentleg aktivitet, også skulen. Homme blei også ein språkhistorisk pioner. Han underviste konsekvent på nynorsk, både munnleg og skriftleg. Han var den aller første som nytta landsmål som undervisningsmål.

Torleif Homme skal ha vore ein gild skulelærar. Han var uvanleg kunnskapsrik, og delte raust med seg til dei unge. Han vekte respekt hos dei for seg sjølve, sed og skikk og folkeminne og alt godt kulturarbeid. Men han peika også på dei evige og åndelege verdiar han meinte dei måtte ta opp i seg, så sant dei ville leva eit verdig og rikt menneskeliv.

Seinare professor i nordiske språk, Torleiv Hannaas, var lærar saman med Torleif Homme i amtsskulen i to år, ein vinter i Evje og ein vinter i Valle. Han fortel at dette var gilde dagar. Homme var særs greisam og omgjengeleg. Etter Hannaas sitt syn var Homme ein av dei mest gåverike og særmerkte lærarar som hadde arbeidd i den norske ungdomsskulen.

Prest i Røldal 1908-1913

I 1908 søkte og fekk Homme prestekall i Røldal. Sjølv har han sagt at han trivdest godt i Røldal. Men mykje av tida her blei ei ufredstid i livet hans. Det kom ei strid som skal ha blitt heilt uhyggeleg. Striden gjaldt særleg språket - landsmålet - Homme tala. Men i ettertid har bygdeboka i Røldal likevel gitt Homme eit godt ettermæle for prestegjerninga si. Der heiter det at Homme laut tole mange uvørne og skamlause angrep frå riksmålsfolket, men at han sjølv tok det sakleg og med stor sinnsro. Søndag 5. oktober 1913 tok han farvel med kyrkjelyden i Røldal på ein verdig og fin måte, skriv Olav Arne Kleveland i boka si om Torleif Homme.

Pensjonist i Hornnes

Homme var nå blitt 62 år. Han fekk ei etterløn og gjekk av på pensjon. Han kjøpte nokre mål jord i Jortveit i Hornnes, og bygde opp eit lite småbruk her. Her budde han resten av livet når han ikkje var på reiser. Den nye heimen kalla han Homm, etter heimstaden Homme i Valle som han var så glad i.

I nokre veker hausten og vinteren 1916-1917 fekk Homme gjere teneste som vikarierande sokneprest i heimbygda Valle. Olav Arne Kleveland skriv så vakkert om desse vekene i boka si:

- Han blei helst godt motteken, og mange tykte det var gildt å høyre heimemålet frå preikestolen. Særleg høgtideleg og rørande var det å høyre han messe. Få prestar kunne messe som han. Ein og annan såg det store i at ein som hadde drege frå bygda som fattig husmannsgut, vende heim att som embetsmann. Homme blei elles sett på av dei som kjende han, som eit så varmt menneske at folk måtte bli glad i han om dei ikkje delte teologisk syn med han.

Reisa er slutt

Den vakre minnsteinen ved Hornnes kyrkje.

Torleif Homme var fysisk sprek langt opp i høg alder. Han sykla ofte frå den nye heimen sin i Hornnes opp Setesdal til Valle. - Valle stod hjarta hans nærast, og dit kom han kvar vår så visst som flyttfuglane, skriv Torjus Åkre om han i eit stykke i Jol i Setesdal frå 1964. 74 år gamal gjekk han til fots frå Setesdal til Odda i Hardanger. Då han kom i 80-åra, minka kreftene og tanken var ikkje like stø lenger. 6. mai 1936 sovna han inn på St. Josephs hospital i Kristiansand. To gamle ordførarar i Hornnes, Olaf Kallhovd og Torgeir G. Abusdal, skreiv under dødsannonsa. Homme hadde ingen nære slektningar att i Noreg. Dei to søskena som levde, budde i Amerika.

Vener av Torleif Homme har reist ein vakker minnestein på grava hans ved Hornnes kyrkje. Bysta er laga av kunstnaren Ingemund Berulvson.

Teologen Torleif Homme

Målmannen Torleif Homme

Heile livet brann Torleif Homme for det norske målet, for folkemålet. Norskdomstanken skal ha festa seg hos han under opphaldet i Telemark i ungdomsåra, men vakna etter det han sjølv har fortald for alvor medan han var i Amerika. Då han kom heimover igjen i 1887 skal det helst ha vore målreisingssaka som drog.

Å kalle dansk mål i Noreg norsk, ja, det norske målet, er ei blodig usanning. Vanvyrder vi det heimlege, slik som målet som vi har bruk for, så vanvyrder vi alt anna heimlegt, skreiv Homme seinare i avisinnlegg i Noreg. Det var ingen tvil om kor han stod språkpolitisk.

Som sagt ovanfor var Torleif Homme ein språkhistorisk pioner, med det han blei den første læraren som konsekvent brukte landsmål i undervisninga i skulen.

I det nemde stykket om Torleif Homme i Jol i Setesdal, skriv Torjus Åkre dette om målmannen Torleif Homme:

- Han vart føregangsmannen i indre Agder for den nasjonale reisingi, og han bør ha den største æra for at desse bygdene vart mellom dei fyrste til å sessa nynorsken i høgsætet i skule, kyrkje og alle styringsgreiner.

Noregs Mållag hadde programfesta landsmålet som einaste riksmålet i Noreg. Homme sendte i 1921 ut eit opprop til avisene i landet, der det blei oppmoda til å vedta ei lov som slo fast at det norske folkemålet skulle vere einste riksmålet i landet. Homme fekk med seg ein del framståande folk til å skrive under oppropet. Diktaren Arne Garborg og professor Aleksander Seippel var mellom desse. Jørgen Løvland fekk òg oppfording om å skrive under, men takka nei. Han, som jo var ein mykje erfaren mann i praktisk politikk, skjønte nok mykje betre enn Homme, som var meir av ein idealist, at kravet bare var eit slag i lause lufta. Det hadde ingen sjanse til å nå fram lovvegen. Motkreftene var alt for sterke.

Fråhaldsmannen Torleif Homme

Torleif Homme talte sterkt mot drykk og alkoholsal. Der var han nærast fanatikar. Alkoholen var etter hans syn ei samfunnsgift og ein samfunnsfiende som bra folk generelt, og kristne menneske spesielt, hadde plikt til å kjempa mot. I 1920-åra var forbod eller ikkje forbod mot alkohol ei stor politisk sak i Noreg. For Homme var det saka med stor S, seier Olav Arne Kleveland i boka om Homme.

Forfattaren Torleif Homme

Torleif Homme kjende eit kall og ei plikt til å skrive. Han blei ikkje så mykje lesen, men det visste han om. Skrive måtte han like fullt. Han let etter seg ein produksjon som er utruleg omfattande både i volum og i val av tema.

Desse bøkene og heftene veit ein han har skrive:

  • Loge og liv (1898)
  • Kunsti, kva og kvi (1902)
  • Framlegg til lov um norsk folkekyrkjeskipnad (1902)
  • Om sakramenterne (1904)
  • Historisk kristentru (1904)
  • Kristenlæra.Den sogevorne og den sakvorne (1909)
  • Fadervåret (1909)
  • Norsk Folkelagnad (1916)
  • Fire heimlandstonar (1915)
  • Grunnhåtten til kristendomen (1920)
  • Nåde, nådegåvor, nådeløn (1923)
  • Luthers vesle katekisme (1929)
  • Himmelrike (1930)
  • Heureka, heureka (1930)
  • Skapingssogone - Siflodsskildringar (1921)
  • Opphavet til den dogmatiske kristendomen (uprenta)

Homme hadde også eit enormt tal med innlegg i ulike aviser og tidsskrift. Det skal alt i alt ha vore godt over tusen artiklar, mange til dels svært lange. Han skreiv om alle spørsmål som var oppe i tida. Mest oppteken var han nok likevel av det religiøse og nasjonale. Det var mykje særmeiningar han bar fram, tankar som skilde seg ut frå dei andre.

Historikaren Torleif Homme

Hovudverket til Torleif Homme på dette området er Norsk folkelagnad, som kom i 1916 og er ei bok på 360 sider. Om boka seier Olav Arne Kleveland at her syner for det første Homme kor kunnskapsrik han er. Men det er ikkje først og fremst mengda av fakta som gjer boka til interessant lesing. Kleveland meiner det er årsaks- og relasjonsanalysane til Homme som gjer boka så spanande og - etter hans syn - til eit pionerarbeid.

Norsk folkelagnad analyserer soga vår frå dei eldste tider og ut 1800-talet. Homme ser på materielle forhold som dei dominerande forhold i den historiske utviklinga. Han analyserar samanhang mellom folkestraumar og busetjingsstruktur på den eine sida og geografi og ressurstilgang på den andre. Han syner korleis det førstnemde er ein funksjon av det sistnemde. Tyngdepunktet i landet flyttar seg med skiftande næringsstruktur. Dei dominerande folkestraumar går mot stader med dei beste livsvilkår, avbøygde av naturgitte hindringar. Dei økonomiske sentra blir kulturbrennpunkt. Utviklinga, meiner Homme, skjer alltid på grunn av "naturlagnaden". Skal ein finne dei lovene og kreftene som har forma menneskesoga, må ein først sjå på dei reint geografiske lover og krefter som virker inn, dei naturalistiske kreftene. Historikarane før har gjort ein feil, ser det ut til at Homme meiner, ved å granske mest bare dei humanistiske kreftene. Dei "store" menneska i verda har då blitt hovudsaka. Men dei er bare ein faktor mellom mange, og bare med den faktoren får ein ikkje eit heilt syn på dei kreftene som har styrt samfunnsutviklinga.

Politisk grunnsyn og politiske haldningar

Minnesteinen ved Hornnes kyrkje.
Foto: Geir Daasvatn

Torleif Homme har ein politisk kongstanke, eit politisk grunnsyn, om at folkesamfunnet må bygge på heimen.

Når dei unge er komen i 25-årsalderen, er det på tide å stifte eigen heim og bygge han opp frå rota saman med ektefellen. Folkesamfunnet må vere bygd opp av slike heimar, ikkje av einskilde menneske. Ein heim er fast lokalisert, dei einskilde er lause. Det moderne folkesamfunnet er tufta på einskildmennesket, difor er denne lausleiken no i alle ting.

Det er altså heimen, ikkje individet, som må vere den minste byggesteinen i samfunnet. Av denne grunn må dei unge ikke ha røysterett før dei har etablert ein fast heim. Kvar heim skal, etter Homme sitt syn, ha ei røyst, ikkje kvart individ. Folkestyre er det når folket som parfolkheimar har makta. To ganger i 1890-åra vende Homme seg til Stortinget med framlegg om å gå bort frå individuell røysterett og i staden legge røysteretten til heimane. Han fekk visstnok aldri noko svar.

Homme er også oppteken av guderiketanken i politikken. Den, med bodorda og Fadervår som basis, må gjennomsyre alt samfunnsliv. Det skal vere eit Guds herredøme i folkesamfunnet, i politikk, i næringsliv og i sosialt liv, ikkje bare hos kvar truande.

Elles var Homme konsekvent alltid på dei fattiges side i den politiske debatten. Det er ukristeleg å leva på andre sitt arbeid, meiner han, og alle parfolkheimar må ha rett til eige hus og eit lite jordstykke.

Kjelder