Torjus Nilsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torjus Nilsen
Født: 3. november 1867
Død: 26. juni 1889 (21 år)

Torjus Nilsen (fødd 3. november 1867 i Bygland, død 26. juni 1889 i Evje) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje. Foreldra var husmannsfolk på Moi i Bygland. Faren var Nils Torjusson Pytten (1823–1910). Mora var Liv Olavsdotter Rysstad (1833–1893).

Torjus arbeidde for det engelske gruveselskapet H. H. Vivian, som leigde gruva i tiårsperioden 1884–1894. Han budde då på Haugen i Evje. Han omkom ved ei ulykke i gruva 26. juni 1889, då han datt ned frå ein stige. Fallet var på i alt fem meter. Det skjedde vel 20 meter nede i gruva. Det var ikkje livsteikn i han då han blei funnen. Dette er det første dødsfallet ein veit om i gruva.

Namnet til Torjus Nilsen står på Minnesteinen ved Flåt gruve.

Kjelder