Liv Olavsdotter Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Liv Olavsdotter Rysstad
Født: 1833
Død: 1893 (alder 59–60)

Liv Olavsdotter Rysstad (fødd 1823, død 1893) var husmannskone på plasset PyttenMoi nord i Bygland. Ho var gift med Nils Torjusson Pytten. Opphaveleg kom ho frå Hylestad. Ho var fødd i plasset Krokan på Rysstad, og var dotter til Olav Knutson Berg og kona Anne Olavsdotter Hovet.

Liv og Nils fekk tre born saman. Ei dotter, Torbjørg, døydde som barn. Ei anna dotter, Anne, døydde barnlaus. Det tredje barnet, sonen Torjus Nilsen, døydde i ei tragisk ulykke i Flåt nikkelgruve i Evje 26. juni 1889. Han var ugift. Det er såleis ikkje etterkomarar etter Liv og Nils.

Kjelder