Haugen (Evje og Hornnes gnr. 53)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugen januar 2016.

Haugen er ein gard (gnr. 53) ca fire kilometer aust for Evje i Evje og Hornnes kommune. Det går veg inn til garden nordover frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) i dei lange bakkane aust for Galteland. Nabogardar til Haugen er mellom anna Åneland i sør og Undeland i aust.

Historie

Gardsnamnet er i bunden form, noko som tyder på at det ikkje er så svært gamalt. Det er fleire ting som kan tyde på at garden gjekk ut frå Åneland i vikingtida.[1] Den første bonden av Haugen-slekta som er kjent, er Ommund Olsen Haugen (f. 1671, d. 1742).[2]

Kjelder

Kart

Laster kart...

Referansar

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 35
  2. Marit Aas, Fortellingen om Siri og Gunder med aner og etterkommere, privat trykt hefte, 2005, side 4