Torgeir Fennefoss

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgeir Fennefoss
Bilde nr. 42 - Torgeir Fennefoss - AGK-010817.jpg
Torgeir Fennefoss i stova si ca. 1958.
Foto: Alf Georg Kjetså si biletsamling
Født: 7. april 1894
Død: 1960 (alder 65–66)

Torgeir Fennefoss (fødd 1894 i Hornnes, død i 1960) var gardbrukar på Fennefoss, «agent for alt mellom himmel og jord» og ein kjend mann i Hornnes-bygda. I 1910-11 gjekk han på amtskulen i Hornnes, som det året var på Fennefoss.

Torgeir var evnerik, musikalsk og hadde kunstnargivnad. Ein av oldefedrene var haugianaren og stortingsmannen Ole Torgrimson Fennefoss. Etter handelsskulen fekk han arbeid på kontoret på Evje nikkelverk på andre sida av Otra. Men i tidleg ungdom blei han råka av ein lei sjukdom, ei form for leddgikt, som gjorde han funksjonshemma. Han var likevel svært aktiv på mange felt. Han måla portrett og landskap, og laga lommebøker og småsaker i skinn og dekorerte dei med svijern. Han hadde ei fin handskrift, han spelte fele og var elles svært opptatt av politikk og alle slags samfunnsspørsmål.

Torgeir Fennefoss var kanskje mest kjend som ein hyperaktiv handelsmann. Han hadde handelsbrev. Han presenterte seg som "agent for alt mellom himmel og jord" i mange lokalaviser. Butikken var heime på garden. Varespekteret spende frå grammofonstifter til traktorar. Han averterte for både usedelege og oppbyggelege skrifter - i ein og same annonse.

Då dei første kringkastingssendingane kom i 1925, var Torgeir tidleg ute og skaffa seg både radio sjølv og agentur for sal. Han hadde ei uhorveleg lang antenne frå tunet og opp i ei skorte høgt oppe i Fennefossfjellet. På den måten kunne han demonstrere radioen for potensielle kundar. Salet tok nok ikkje heilt av med det første. Men folk strøymde til for å høyre på sendingane, og då fekk Torgeir demonstrert andre av produkta sine. - Fennefoss blei eit slags nyhetsbyrå for dei indre bygdene for slikt som sjeldan stod i avisene, skriv Torgrim Dåsnes i ein mykje fin artikkel om Torgeir Fennefoss i Jol i Setesdal i 2005. Under krigen, då det var lite varer å få og bytehandelen florerte, dreiv han bytesentral for brukte grammofonplater. Dette var ein liten genistrek, som skaffa han kundar over heile landet.

Torgeir Fennefoss var interessert i bygdekunst og husflid. Han arrangerte ei bygdekunstutstilling alt i 1935. Denne blei etterkvart fast på Fennefoss, og fekk meir og meir preg av ein husflidsentral. Han var sterkt interessert i politikk og samfunnsspørsmål, og skreiv mange innlegg i avisene. Det var både humoristisk bygdenytt med ironisk snert og kvasse politiske innlegg mot høgrekrefter av alle slag.

I 1952 gav Torgeir Fennefoss ut eit prøvenummer av Honndølen, eit "opposisjons- og ungdomsblad" som han kalla det. Mest alt stoffet skreiv han sjølv. Responsen var heller laber, men Fennefoss gav ikkje opp av den grunn. Nye "prøvenummer" kom i 1953, 1954 og 1955.

Torgeir Fennefoss døydde brått i 1960, 64 år gamal. Han stod på heilt til det siste. - Ein frisk fargeklatt i bygdemiljøet var borte, skriv Torgrim Dåsnes.

Etter at Torgeir Fennefoss var død, vart dei gamle husa med hagen og noko innmark etter Torgeir sitt ynskje seld til Evje og Hornnes kommune til museumsføremål.


Kjelder[rediger]