Eva Haugen Sørgaard

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eva Haugen SørgaardSymbol unrelated.svg
Født: 31. august 1943 (75 år)

Eva Sigfrid Haugen Sørgaard (fødd 31. august 1943) er leiar i helsesportgruppa i Otra IL. Ho er også med i styret i Evje og Hornnes Sogelag og i skriftstyret i Arnstein, årsskriftet til Sogelaget, og i Evje og Hornnes eldreråd.

Eva er pensjonist etter å ha arbeidd i ei årrekkje ved Universitetet i Agder. Ho har utdanning frå Kristiansand lærarhøgskule og Hornnes landsgymnas.

Besteforeldra til Eva på morsida er Emanuel Gullestad og Elise Gullestad (fødd Jørgensen) frå Kristiansand. Mor hennar er Randi Haugen. Bestefaren Emanuel var ein kjend handelsmann i Evje i 50 år, han var ein av Brødrene Gullestad. Mora Randi arbeidde også i butikken mest heile livet.

Eva bur i Alfred Uglands veg i Evje.