Torbjørn Tveit
Torbjørn Tveit | ||
---|---|---|
![]() | ||
Torbjørn i Singer-bilen sin. Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså
| ||
Født: | 12. april 1896 | |
Død: | 15. januar 1977 (80 år) |
Torbjørn O. Tveit, helst kalla «Singer», var fødd 12. april 1896 på garden Austre Tveit i Hornnes og døydde 15. januar 1977. Han var gardbrukar og sagbrukseigar, men mest kjend i Setesdal som symaskinagent for merket Singer. Han var gift med Anna T. Tveit. Saman hadde dei dottera Turid Bjorå.
Etter skulen budde Torbjørn ei tid på Mosby. Alt då byrja han så smått som handelsagent for Singer. I 1929 gifta han seg med Anna, og dei fekk dottera Turid. I 1930 flytta den vesle familien til Tveit, då Torbjørn overtok garden etter faren Olav Tveit. I mange år var han bonde på denne fine garden.
I 1948 selde Torbjørn garden, og bygde seg nytt hus i lia rett nedanfor. Han kalte den nye staden Sollia. Han heldt igjen 1600 dekar skog og sagbruket som hadde stått på den gamle eigedomen. Han bygde nytt uthus og nytt sagbruk på den nye garden. Seinare tok Torbjørn saman med svigersonen Ingemund Bjorå og ein tredjeperson over ein naboeigedom med mykje fin skog, slik at Sollia blei større enn det gamle bruket var før.
Det blei svigersonen som etterkvart kom til å stelle mest med sagbruket. Sjølv reiste Torbjørn i meir enn 40 år rundt på Agder som salsagent for symaskinar. Han kunne reparere maskinane òg. Kor mange symaskinar han selde i løpet av desse åra er ukjend. Men ein gong selde han 16 trømaskinar på åtte dagar. I bygdeboka for Hornnes heiter det at han nokre år var den beste i heile landet til å selje Singer symaskinar. Han likte å handle; det var det gildaste han visste.
Torbjørn skipa til mange sykurs i bygdene han kom til. I starten av agentkarriera brukte han mykje sykkel som framkomstmiddel. Han sykla mange turar opp gjennom Setesdal og budde på turistheimane. Han kunne kome heilt opp til Glidbjørg i Bykle. Sørover handla han til Vennesla; då tok han som oftast toget.
I 1934 eller 1935 fekk han ein grei bil, Singerbilen. Under krigen hadde han ikkje bil. Då var sykkel igjen einaste framkomstmiddelet for handelsmannen frå Tveit.
Etter krigen handla Torbjørn også med kjøleskap, vaskemaskinar, syklar, mopedar og dessutan margarin, sukker og mjøl.
Då Torbjørn «Singer» Tveit døydde i 1977, vart Hornnes-bygda ein stor personlegdom fattigare.
Kjelder
- Rita Flottorp, Singer, Jol i Setesdal, 2010, side 33–35
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 444
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 194