Stebekken (Kjetså)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Stebekken (til høgre) renn ut i den større Kjetsåna vest for Kjetså.
Den gamle fløytingsmuren i Stebekken, rett etter utlaupet av Kvietjønn.

StebekkenKjetså er ei lita elv som renn sør-vestover frå Kvietjønn i Hornnes-skogen og ut i Kjetsåna frå nord ca 1,5 km vest for Kjetså i Hornnes.

«Stee» er eit område som blir oversvømt i flaumar, slik at jorda blir ei blanding av myr og finsand. Dette høver godt for Stebekken, som etter å ha runne bratt ned frå Kvietjønn slyngar seg roleg gjennom dei flate myrene og skogane vest for Kjetså. I fordums tid var det ein del floting av tømmer i Stebekken fram til Kjetsåna.

Langt tilbake i tid må det ha vore ei oppdemning av is ute i Otra-dalføret, slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid fekk avlaup gjennom Urdalen (Hornnes) i Hornåsen til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne svære elva gjennom Urdalen og vidare til Kjetsåna kan kanskje i si tid ha gått om lag der Stebekken i dag renn?

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...