Tømmerfloting

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsfoss tømmerrenne var eitt av dei tekniske anlegga som etter kvart blei bygt opp i samband med tømmerflotinga i Otra.

Tømmerfloting er transport av tømmer nedover vassdrag eller over sjøar. Ordet floting eller fløyting kjem av at tømmeret flyt nedover elva. Arbeidet blei også kalla støyting, som viste til arbeidsmåten: Flotarane stakk eller støytte stokkane ut i vatnet med hakane sine.[1]

Det har vore flota tømmer i Otra i uminnelege tider. Men verksemda fekk truleg ikkje eit større omfang før på 1600-talet. Flotinga heldt fram heilt til slutten av 1970-talet. Organisasjonen Fellesfløtningen i Otra var verksemda (foreninga) som organiserte flotinga av tømmer i Otra-vassdraget frå 1829 til ho tok slutt.

Litteratur

Referansar