Geir Magne Feed

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Geir Magne FeedSymbol unrelated.svg
Geir Magne Feed ny løypemaskin Høgås 071212.jpg
Med den nye løypemaskinen på
Høgås skianlegg 7. desember 2012.
Født: 15. mai 1957 (62 år)

Geir Magne Feed (fødd 15. mai 1957) er rektor på Evjetun leirskole, der han vart tilsett våren 2003. I fritida er han ei eldsjel for fysisk fostring og folkehelse gjennom Otra IL. Han har godt og vel 1300 dugnadstimar i året for Otra IL, 1000 av dei er i skiløypene, særleg på Høgås. Feed har vore leiar i skigruppa i Otra IL sidan 1991.

Trenar[rediger]

Alt som 16-åring tok han til som skitrenar i Sirdal. Sidan har han vore trenar rundt om i landet, han var kaptein med 24 års teneste som idrettsoffiser i Forsvaret, dei fleste åra på Evjemoen, der han var frå 1979 til 1981 og deretter frå 1989 til leiren var lagd ned i 2003. I tillegg til befalsutdanning har han trenarutdanning frå Norges Idrettshøgskole og den høgaste langrennstrenarutdanninga innan Norges Skiforbund. Diplomoppgaven hans var innan tema Treneren og heitte Trenerloggbok.

Frå 1987 – 2001 var han trenar for det militære landslaget i både langrenn og skiskyting. Både Thomas Alsgård, Anders Aukland, Ole Einar Bjørndalen, Lars Berger og Odd Bjørn Hjelmeset har vore elevane hans. Dei siste 20 åra har han leia fellestreningar kvar måndag frå haustferien til påske i Otrahallen der han instruerer rundt 100 personar i alle aldrar.

Heider[rediger]

I 2000, til Otra IL sitt 40-årsjubileum, fekk han Otra ILs Ærespris, den høgaste utmerkinga i idrettslaget etter æresmedlemskap.

I 2005 mottok han Evje og Hornnes kommune sin kulturpris for arbeidet sitt i ei årrekke med å legge til rette for idrett og friluftsliv i kommunen.

I 2012 fekk han LOS-fondets ildsjelpris for innsatsen sin som trenar, løypekjørar, leiar av Høgås skianlegg og tusenvis av dugnadstimar for Otra IL. LOS-fondets ildsjelpris delte han med Geir Daasvatn. Begge fekk eit kunstverk av Per Fronth som dei kunne behalde. I tillegg fekk dei 25.000 kroner som dei kunne gje til ein aktivitet dei sjølv kunne velje.

I 2015 var han ein av fem nominerte kandidatar til Årets ildsjel i Aust-Agder, i samband med idrettens arrangement Idrettsgalla Sør. Agderposten sine lesarar kåra Feed til vinnaren, og han blei tildelt den gjeve prisen under Idrettsgallaen i Aquarama i Kristiansand laurdag 24. oktober 2015.

Familie[rediger]

Geir Magne Feed er gift med Elin Feed. Paret bur i Oddeskogen bustadfeltEvje.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]