Reidar Johan Sandal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Reidar Johan SandalSymbol unrelated.svg
Født: 31. mars 1959 (62 år)

Reidar Johan Sandal (fødd 1959) bur på Nesflaten i Suldal kommune. Han er tilsett i Statens Naturoppsyn og har naturoppsyn i dei store verneområda i Rogaland knytt til Setesdal-Ryfylkeheiane. Kontoret har og ansvaret for oppsyn i fjordsystema knytt til Nord-Rogaland og Sunnhordland. I tillegg har kontoret ansvar for oppsyn med mindre verneområde (naturreservat, fuglefredningsområde og kulturminne) i Nord-Rogaland.

SNO Suldal har saman med SNO Hægebostad og SNO Bykle ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Fokus er særleg retta på trua og sårbare arter, motorferdsel, jakt, fiske og ferdsel. Kontoret har også ansvaret for koordinering av villreinoppsynet i Setesdal/Ryfylke. Sjøoppsyn, lakseoppsyn og registrering av til dømes store rovdyr, villrein og rovfugl er andre viktige oppgåver.

Han deltok på Heiedagane 2013 14. juni 2013 med innlegget Foto og observasjonar i villreinfjellet 2012/2013 på møtet i Kommunestyresalen Valle klokka 19.

Eksterne lenker[rediger]