Fjell og nutar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Del 1 omhandlar toppar mellom Kristiansand og Evje

Dei høgaste fjell og nutar langs Otra, del 1 er eit hefte i A4-format som Reidar Tveito gav ut i 2011. Heftet, som er trykt på Setesdalstrykk, har ISBN 978-82-998304-1-6 og er på 48 sider. Det er gjennomillustrert med flotte fargebilete som Reidar Tveito har teke på turar til dei høgaste fjella og toppane aust og vest for Otra nedanfor Byglandsfjord. For å få med seg fleire toppar har han funne dei høgaste toppane i kommunane slik dei var før kommunesamanslåingane på 1960-talet. Med seg som turkamerat hadde han Betzy Gunhilde Røinås, Heidi Marie Tveito og Kirsten Margrethe Hansen. Andre gode hjelparar har vore Torfinn Normann Hageland, Ole Kalleberg, Svein Edmund Kristiansen, Sigmund Monen og Sigmund Skomedal.

Innhald[rediger]

  • Kva lags fjell og nutar, og kvifor
  • Vehusknausen, Kristiansand kommune, 285 moh.
  • Røsehei, gamle Vennesla kommune, 343 moh.
  • Sandåsen, gamle Øvrebø kommune, 387 moh.
  • Oksla, gamle Hægeland kommune, 500 moh.
  • Rubbeheia, Iveland kommune, 559 moh.
  • Himmelsyna, gamle Vegusdal kommune, 649 moh.
  • Befjell, gamle Mykland kommune, 658 moh.
  • Midtstøylknuten, gamle Tovdal kommune, 872 moh.
  • Bertesknapen, gamle Evje kommune, 658 moh.
  • Midtstrandnuten, gamle Hornnes kommune, 790 moh.
  • Skoræ, Åseral kommune 1041 moh.

Sjå også[rediger]