Salve Birkås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Salve Birkås
Salve Birkås.jpg
Foto: Ukjent. Utlånt av Alf Georg Kjetså
Født: 18. mai 1881
Død: 28. oktober 1941 (60 år)

Salve Alvson Birkås (fødd 18. mai 1881, død 28. oktober 1941) var ein skogsarbeider og treskjerar som var fødd på plassen Birkåsen (Bærkjåsen) i Hornnes, men som seinare budde på eit loftsrom hos systera Åslaug Jortveit og mannen Mikal Salveson JortveitKjetsåmonenKjetså.

Liv og lagnad[rediger]

Birkås var son til Alv Simonson Birkås , fødd på Fjellestad i 1841 og død i 1921, og kona Tomine Taraldsdotter Birkås (Holmsland), fødd 1843 i Søgne og død i 1905. Farfaren, Simon Alfson Roland (Simon Alfson Birkås), fødd i 1807 og død i 1892, kom frå Roland i Bjelland til Hornnes tidleg på 1800-talet og slo seg ned der. Han blei i 1836 gift med Åslaug Nottosdotter Hornnes (f. 1817, d. 1890), elste dotter til Notto Salveson Hornnes som då sat med dei 2/3 av garden Lunnen som seinare blei Futegarden.

Notto S. Hornnes klarte ikkje gjelda på garden, og gav auksjonsskjøte til svigersonen Simon A. Roland. Men heller ikkje han greidde å halde på garden særleg lenge. I 1852 selde han garden til Gustav Adolph Abrahamsen, som opna den første landhandelen i Hornnes her. Men same året fekk Roland husmannssetel av Abrahamsen på plassen Birkås nordre i Hornnes mark. Frå 1852 og frametter rydda og bygde han hus her. Han og familien tok nå Birkås til etternavn.

Alv Simonson Birkås, son til Simon Alfson Roland (Birkås), flytta til Birkåsen og slo seg ned der kring 1870. Der blei altså Salve Birkås født 18. mai 1881 som nr. 7 av 11 sysken.

Birkås var sammen med brørne Tarald og Knut kjent som beinharde skogsarbeidere. Men han tok også tidleg til å skjere ut figurar i tre ved sida av skogsarbeidet. Treskurden selde etterkvart så godt, at då han flytta frå Birkåsen til Kjetså rundt 1919-1920, livnærte han seg av den.

Mikal Salveson Jortveit døydde i 1934. Då makta ikkje systera til Salve Birkås, Åslaug, å halde det heile saman lenger. Etter ei stund sett Forsorgsstyret Salve bort på ein gard i Øvrebø. Her døydde han i 1941. Han er gravlagd ved Øvrebø kyrkje.

Kunstnaren og mennesket[rediger]

(byrjing)

Krusifikset i Hornnes kyrkje.

Salve Birkås utvikla seg snart til ein dugande kunstnar. Han blei kjend langt utanfor bygda for sine livaktige treskulpturar av dyr og folk, og vann fleire gonger førstepremie for arbeida sine på utstillingar. I ein klasse for seg står Nattverden, eit tablå av Kristus og alle apostlane rundt nattverdsbordet.

Nokre av arbeida til Birkås finnast enno i bygda. Mellom anna heng det ei vakker treskjering - eit krusifiks - av Jesus på korset i Hornnes kyrkje. Men mykje - deriblant mange av dei beste arbeida - er spreidde rundt omkring i landet og endå lenger.

Kjelder[rediger]