Simon Alfson Birkås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Simon Alfson Birkås
Født: 1807
Død: 30. november 1892 (alder 84–85)

Simon Alfson Roland (Simon Alfson Birkås), fødd i 1807 og død i 1892, kom frå Roland i Bjelland til Hornnes tidleg på 1800-talet og slo seg ned der. Han blei i 1836 gift med Åslaug Nottosdotter Hornnes (f. 1817, d. 1890), elste dotter til Notto Salveson Hornnes som då sat med dei 2/3 av garden Lunnen som seinare blei Futegarden.

Notto S. Hornnes klarte ikkje gjelda på Lunnen, og gav auksjonsskjøte til svigersonen. Men heller ikkje han greidde å halde på garden særleg lenge. I 1852 selde han garden til Gustav Adolph Abrahamsen, som opna den første landhandelen i Hornnes her. Men same året fekk Roland husmannssetel av Abrahamsen på plassen Birkås nordre (Birkåsen) i Hornnes mark. Frå 1852 og frametter rydda og bygde han hus her. Han og familien tok nå Birkås til etternavn.

Eldste son til Simon Alfson Birkås og Åslaug Nottosdotter var Alv Simonson Birkås. Han var fødd på Fjellestad i Hornnes i 1841 og døydde i 1921. Alv Simonson var far til treskjeraren Salve Birkås, som då altså var barnebarnet etter Simon Alfson.

Kjelder[rediger]

Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Treskjeraren Salve Birkås, hefte utgjeven av Evje og Hornnes sogelag, 2007