Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida på nr. 1, 2020, 1. årgang

Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes er eit felles kyrkjeblad for Åseral sokneråd og Evje og Hornnes sokneråd frå 2020. Det første nummeret, nr. 1, 2020, kom ut i mars 2020. Planen er fire nummer kvart år; påske, sommar, haust og jol. Bladet blir sendt til alle husstandane i dei to kommunane, og til utanbygds lesarar som har bede om å få det tilsendt. Økonomien er tufta på frivillig innsats frå redaktør og redaksjonskomité, annonseinntekter og frivillige bladpengar.

Redaksjonskomité

Redaksjonskomiteen ved oppstarten av bladet var: Lindy Eidem, Inger Juvastøl, Ingvard Østerhus, Olav Åsland og Arna Berg (redaktør). 2024: Tonje Kallhovd (redaktør), Bente Forgard Lineikro, Lindy Eidem, Inger Juvastøl og Øystein Moi.

Kjelder

  • Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes, nr. 1, 2020, side 2
  • Kyrkjebladet nr. 3, 2024, side 2