Åslaug Nottosdotter Birkås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åslaug Nottosdotter Birkås
Født: 28. juli 1817
Død: 23. juli 1890 (72 år)

Åslaug Nottosdotter Birkås (fødd 1817, død 1890) var småbrukarkone i Hornnes. Ho var eldste dotter til Notto Salveson Hornnes. Ho blei i 1836 gift med Simon Alfson Roland.

I 1852 fekk ektemannen husmannssetel på plassen Birkås nordre (Birkåsen) i Hornnes mark. Det var han som fyrst rydda og bygde hus her frå 1852 og utover. Han og familien tok då Birkås til etternamn.

Åslaug og Simon Alfson fekk fleire born saman. Den eldste sonen var Alv Simonson Birkås. Han vart fødd på Fjellestad i 1841. Alv Simonson vart seinare far til treskjeraren Salve Birkås. Åslaug var såleis farmora hans.

Kjelder[rediger]

Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Treskjeraren Salve Birkås, utgjeven av Evje og Hornnes sogelag, 2007