Postvegen (Evje)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den gamle vegen ved Fotsporkleiv.
Gamle brukar ved Håland.
Foto: Geir Daasvatn

Postvegen i Evje var den første køyrevegen mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal.

Nærare om veglina[rediger]

Vegen tok til frå tunet i Evje prestegard. Vidare gjekk han om Oddestemmen til Odde. Frå tunet på Odde gjekk han opp Fotsporkleiva, ovafor tuna i Haugen og fram til Bjorvatn der Fylkesveg 42 går i dag. Vidare forbi vatnet gjekk han langs dagens vegline. Men frå Bjorland til Undelandsvegen gjekk Postvegen nord for dagens veg, kryssa aust for Geirustjørn, kom forbi øydegarden Håland og gjennom Hålandsdalen til Håtveitåna. Det gjekk bru over elva. Vidare heldt vegen seg nord for Hovlandsåna mellom Hovland og Skåre. På Skåre gjekk han over den gamle brua og fram til Vegusdal.

Postvegen Evje - Vegusdal må ikkje forvekslast med den første køyrevegen gjennom Setesdal, som kom gjennom Hornnes rundt 1840 og som har same namn.

Ny veg rundt 1880[rediger]

Rundt 1880 blei Postvegen lagt om frå Bjorvatnet til Evje. Etter det har «Arendalsvegen» gått via Galteland til tettstaden Evje.

Kjelder[rediger]