Hovland (Evje og Hornnes gnr. 130)
(Omdirigert frå Hovland (Birkenes gnr. 130))
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bnr. 2 på Hovland. Det er Anne Elisabeth Hovland (fødd 1950) og Stein Dørdal (fødd 1941) som bur på dette bruket i dag (2015).
Foto: Geir Daasvatn
Bnr. 1 på Hovland. Gardsbruket står øyde, men er i bruk som fritidseigedom for Anne-Berit Myklebostad (fødd 1947) og ektemannen Kjell Førland frå Kvinesdal.
Foto: Geir Daasvatn
Hovland er ein gard (gnr. 130) i Hovlandsdalen ved fylkesvegen Evje-Arendal i Vegusdal aust i Evje og Hornnes kommune. Til 31. desember 2018 høyrde garden til i Birkenes. Han er truleg ein av landnåmsgardane i Vegusdal. Garden grensar mot Ljosland i nord, mot Skåre i aust, Hovlandsåna i sør og Ljosland og Myklebostad i vest.
Historie
- Det er grave ut ei langgrav frå vikingtida på garden. Det er også funne ei stridsøks frå rundt år 1000. Hovland gravfelt ligg på garden sin grunn.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 113-131
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder