Hovlandsåna
Hovlandsåna (Skorsåna, Flatelandsåna) er ei elv som renn ut frå Lislevatnet i Evje og Hornnes kommune og austover gjennom Hovlandsdalen, forbi Vegusdal i Birkenes kommune og ut i Vågsdalsfjorden. Store delar av strekninga er temmeleg flatt terreng. Men ved Flateland i Vegusdal renn elva gjennom eit svært gjuv. Her er ein større foss; Trollfoss.
Hovlandsåna høyrer til Uldalsvassdraget, som igjen er ei tilførselsgrein til det større Tovdalsvassdraget. Bare ein kort stubb av Hovlandsåna ligg i Evje og Hornnes.
Vassdraget oppstraums for Hovlandsåna er regulert (Høvringsvatn og Vikstølvatnet), og vassføringa i elva er store deler av året lita. Olje- og energidepartementet gav i 2013 løyve til Vegusdal kraftverk AS til å overføre vatn frå Hovlandsåna til Kjetevatn, og bygging av Flateland kraftverk. Bygging av kraftverket var fullført i 2024. Vassføringa mellom Myklebostad i Hovlandsdalen og Flateland er etter det endå meir redusert.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Unni Setane Engesland og Helene Setane, Vegusdal - Kultursoge, 2002, side 8 og side 250
- Utslippstillatelse frå Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder i samband med bygging av Flateland kraftverk