Nere Aakhus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nere Aakhus
Nere K Aakhus.jpg
Født: 13. juli 1891
Død: 28. januar 1945 (53 år)

Nere Kjetilson Aakhus (fødd 13. juli 1891 i Bygland, død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i det norske infanteri, lærar og ordførar i Bygland for Venstre frå 1935.

Nere var son til Kjetil Bygland (1865–1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868–1894). I 1913 vigde han Birgit Svensdotter Moi (1890–1967), og dei fekk borna Ketil (1914–1989), Tore (1920) og Anne (1922). Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg etterkvart på farsgården hans, Øvre Aakhus i Bygland. Under invasjonen av Norge var han distriktsintendant, og vart sjef for milorg i Setesdalen[1] når kampane stogga. Nere Aakhus blei arrestert, og via fengsel i Kristiansand og på Grini sendt til leiren Natzweiler i Frankrike og vidare til konsentrasjonsleiren Dachau ved München der han døydde av flekktyfus.

Ordførar

Aakhus vert vald til ordførar i ei økonomisk tung tid for Norge. Naudsarbeid vert igangsett óg i Bygland, mellom anna fekk jorddyrking på gardar tilskot så arbeidsledige kunne setjast i arbeid med dette. I kommunen hadde det vore ei sterk auke i kommuneadministrasjonen, og Aakhus vert vald inn i nemnda som skulle undersøkja kostnader og førebu planar for byggjing av eit nytt og større kommunehus enn den gamle røykstoga. Det nye heradshuset vert innvigd 18. desember 1937, og medan fylkesmann Pedersen rosa heradsstyret for å ha klara dette i naudstid, takka Aakhus handverkarane og dei andre som hadde bidratt til bygginga. Etter hans mening hadde alle søkt heradets beste og framføre eigen forteneste.

Bland andre prosjekt som var i arbeid i Aakhus sin tid som ordførar var mellom anna vidareføring av vegombygging av hovudvegen og fleire bygde-, skogs- og bureisingsvegar, alderstrygd vert sett i verk, sterk oppmoding til Aust-Agder vegkantor om at dei skulle leggja fram kommunens krav om riksveg Kviplass–LangeidÅraksbø–Tovslid i Fyresdal og oppretta telefonstasjonar på Skomedal og Tveitmonen.

I Byglands soge får han eit særs godt skussmål av Aasulv Lande Sr. som sjølv var ordførar i Bygland i 1902–1908 og 1911–1914. Han fortel at Nere Aakhus tok utdanninga si i eit høgare tempo enn vanleg, og avslutta skulane med dei beste vitnemål. Aakhus har ei stor arbeidslast, men arbeidar så lett og raskt at mengda ikke blir synleg, og er samstundes ein framifrå administrator og forretningsmann. Kapitlet om tida hans som ordførar blir avslutta med desse orda:

«...Kaptein Aakhus <...> er ein traust kar. Han legg all sin hug og evne i ordførararbeidet og hev vunne tiltru og vyrdnad hjå alle.»

Andre verdskrigen i Setesdal

10. april 1940 fekk kaptein Aakhus kommandoen over eit nyoppsatt kompani forlagt til militærleiren på Evjemoen som skulle syte for vakthald og evakuering av forråd[2]. Han blei divisjonsintendant 12. april, og i boka Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet får han dette ettermælet på side 178:

«...Som hjemmehørende og ordfører i Bygland, kjøpmann, gårdbruker og dertil en dyktig offiser, ville kaptein Aakhus
utvilsomt i det lange løp ha kunnet gjøre meget for å bringe orden og regelmessighet i forsyningene. Nå kom han til for sent. ...»

Nere K. Aakhus sin uppgåve som divisjonsintendant var ikkje enkel, og generalmajor Einar Liljedahl (distriktskommandosjef) sine ord i ein rapport til Hærens overkommando om stoda i Setesdal 14. april fortel mykje om forholda i dalen:

«...Feltbataljonen erklærte seg i går aftes ukampdyktig <...> De improviserte nyoppsetninger <...> mangler tren og delvis utstyr. Forsyningen er kritisk. Dalen er overfylt med evakuerte som delvis sulter. Forbindelsen med Telemark synes i dag truet. ...»[3]

Kapteinen sytte for å få fram nokre forsyningar til Øvre Setesdal frå Skien og Lista, brødbaking på Landeskogen, ved Ose og på Rysstad, nedslakting av dyr til middagsmat. Det siste gav andre problem, det fantest ikke feltkjøkken i Setesdal og mange avdelingar mangla kokekar. Frå 13. april var han sjef for forsyningsstasjonen i Valle, og Aakhus arbeidde for å samle så mykje forråd som mogleg i dei bakre linene. Han rapporterer at forråda er relativt gode når det gjeld til dømes mel, sukker, smør, hermetikk osb, medan kaffi, havregryn og poteter er nært nok umogleg å få fatt i[4].

Det var eit godt samarbeid med lensmannen i Valle, og med hjelp frå han fekk dei tillatelse til å skyte villrein i Bykleheiane.

Milorg

Etter kapitulasjonen vart Nere Aakhus kontakta av major Laudal og per brev spurd om han kunne tenkja seg å verta militær leiar for Setesdalsavsnittet av Milorg. Aakhus reagera med eit «jublande JA!» Seinare vart han og del av nettet av etteretningsagentar i dalen. Samstundes som han hadde desse oppgåvene var han og ordførar i Bygland.[5]

Ordrenekt

Som ordførar fekk han på vinteren ei pakke frå Frontkjemperkontoret med ein særs klår beskjed om at propagandaplakatane måtte klistras opp. Nere sin reaksjon visa kva han meinte om ordra: I desember 1940 annonsera han etter folk til å slå dei opp i Agder Tidend i Kristiansand og NS-avisa Fritt Folk (nr. 231, s. 10) i Oslo:

«Plakatklistrar. Etter påbod av innenriksdepartementet skal det slåast upp minst 1 eks. av plakata "Norge kaller" på dei kommunale kontori. Er nokon viljug til å take på seg plakatklistringi, lyt han innan 21. d.m. senda søknad med lønskrav til ordføraren i Bygland».[6]

Bota har datoen 30. mai 1941, og ikkje lenge etter stod den oppnemnde lensmannen på døra med eit forelegg på 400 kroner eller 60 dagars fengsel «utferdiget etter riksadvokatens ordre» for «[...] overtredelse av straffelovens §2477, jft. §251 II [...]» . Aakhus vedtok bota, med denne kommentaren:

«Bota vedteke og skal bli betala med fornøyelse. N. Aakhus»[7]

Denne ytringa øka bota med 300 kroner til. Ein annan konsekvens var at Nere vart straffa, styresmaktene sende han til Bergen der han skulle gjere teneste i det sivile luftvernet.[8]

Arrestasjon og deportasjon

16. desember 1942 vart han arrestert. Aakhus sat fengsla i Kristiansand og på Grini fram til transportoppropet kom under appellen 7. juni 1943. Totalt var 140 mann tekne ut til transporten 10. juni som gjekk via Akershus festning til skipet «Monte Rosa» som tok dei til Aarhus der fangane blei transportert med tog vidare. Bland fangane på transporten var fleire andre setesdølar og sørlendingar mellom anna frå «Lauvdalsgruppa». Bland dei «utvalde» var Osmund Faremo som seinare skulle verte ordførar i kommunen, og han nemner i boka Takk for livet, Emil bortsett frå Nere Aakhus også Knut O. Bø, Jørund Kvaale, Arne Scheie, Bjørgulv Rysstad, Alf Juel Stausland og Nils Hegland. Knut Bø vert friteken frå transporten.

15. juni 1943 ankom dei den nyoppretta NN-leiren Natzweiler ikkje langt frå Strasbourg i Frankrike. I brakke 7 blei mellom andre fem setesdølar innkvartert: Nere Aakhus, Osmund Faremo og Bjørgulv Rysstad frå Valle, Alf Juel Stausland og Nils Hegland frå Evje. Aakhus sleit med eit stygt sår i magen og kom etter kvart på sjukestova, og fekk der pleie av ein annan setesdøl – Georg Rosef frå Evje.

Etter invasjonen i Normandie og stadig meir bombing av Tyskland på ettersommaren 1943, blei det bestemt at fangane skulle bli flytt. 4. september 1943 kom ordren om at Natzweiler skulle evakuerast. Fangane blei transportert i lukka togvogner til konsentrasjonsleiren Dachau ved München i Bayern. Her kom Nere saman med Olav Nomeland og Gunnstein Greibrokk på revier (sjukestova). Aakhus overlevde ikkje tyfusepidemien, men døde 28. januar 1945.


Forgjenger:
 Jørund Kvaale 
Ordførar i Bygland
(1935–194?)
Etterfølger:
 ? 

Referanser

  1. Våre falne 1939–1945 side 588
  2. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 112.
  3. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 179.
  4. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 201.
  5. Taraldsen (1994): s. 188.
  6. Bota og Birgit Aakhus.
  7. Bota og Birgit Aakhus.
  8. Taraldsen (1994): s. 77, 86, 188.

Kjelder

Forelegg J.nr. 28/41.P.S.
Aviser
Bøker