Knut O. Bø

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut O. Bø
Født: 12. desember 1896
Død: 9. mai 1944 (47 år)

Knut O. Bø (fødd 12. desember 1896 i Valle, død 9. mai 1944 på Trandum) var disponent i Setesdal AutomobilrutorByglandsfjord og motstandsmann under andre verdskrigen. Han vart dømd til døden for motstandsarbeidet sitt, og avnretta av tyskerane i Trandumskogen 9. mai 1944 saman med major Arne Laudal og fleire andre motstandsfolk.

Knut Bø var son til Olav Tarldsson Bø og Gunhild Knutsdotter Trydal. Han var gift med Siri Gunnarsdotter Austad. Han var utdanna som bilmekanikar og snekkar. Då andre verdskrigen starta i 1940, var han disponent i Setesdal Bilruter, som på den tid hadde hovudkontoret sitt på Byglandsfjord.

I Milorg på Sørlandet

I 1941 fikk major Arne Laudal i oppdrag å organisere motstandsrørsla på Sørlandet (Milorg, Kampgruppe 3). Setesdalsavsnittet (avsnitt 2) strekte seg frå Kristiansand til Bykle, og vart leia av Rolf Ellingsen. Avsnittet var delt inn i fem grupper. Setesdalsgruppa gjekk frå Bygland til Bykle. Ellingsen verva Knut Bø til organisasjonen. Jobben i Bilruta gjorde at han kunne reise nokså fritt rundt i Setesdal. Det blei derfor Knut Bø som kom til å stå for mykje av organiseringa i Setesdal. Han fungerte også som ordonanssjef. Han hadde ansvar for å sende våpen, meldingar og anna dit det skulle. Då han var til konferanse med avsnittsjef Ellingsen, skal han ha stått med tårer i augene og sagt: Vil du helsa sjefen din og takka han for at han har gjeve meg den store æra å vere med i kampen for Norge.[1]

I 1941 starta også oppbygginga av ein hemmeleg militær etterretningsorganisasjon på Sørlandet (XU). Knut Bø kom tidleg med som etterretningsagent i denne organisasjonen.[2]

Knut Bø var sterkt engasjert i arbeid i begge desse to organisasjonane frå hausten 1941 og gjennom heile 1942. Mellom anna var han med og organiserte våpentransportar og transportar av folk som måtte gå i dekning for tyskerane.[3]

Dødsdom

7. desember 1942 starta Gestapo opprulling av Kampgruppe 3. Den første som vart arrestert var major Arne Laudal. Så fulgte arrestasjonar på rekke og rad. Dei neste vekene og månadene blei over 300 personar frå begge Agder-fylka arresterte. Knut Bø visste at han var i faresona, men blei heime for å gjere ulike oppgåver.[4] [5] 7. januar 1943 blei han arrestert av Gestapo. Han sat først fengsla i Kristiansand. Etter det blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han saman med resten av «Laudalsgjengen». 16. oktober 1943 blei 12 av dei, dei tyskerane meinte var hovudmennene, overført til ei spesialavdeling, «Fallskjermen». Dette var avdelinga for «dødskandidatar». Knut Bø var mellom desse.

14. april 1944 vart dei ni hovedmennene i «Sørlandssaken» stilt for tysk krigsrett. Dei hadde i følge tyskerane gjort seg skuldige i verksemd til fordel for ein fiendtleg stat og spionasje. Major Arne Laudal var leiaren. Mellom dei andre åtte var Knut Bø. Han var svært sjuk grunna revmatisk feber, og låg utstrakt på ei båre under rettssaken.[6] Same ettermiddag blei åtte av mennene, mellom dei Knut Bø, dømde til døden ved skyting. Den niande, lege Odd Benestad, fekk tukthusstraff. Seinare blei dødsstraffa for dei to yngste, Ivar Christensen og Erik Dahl-Hansen, oppheva. Dei blei overførte til «oppdragelsesleir».

Skoten i Trandumskogen

6. mai 1944 blei dødsdomane over dei seks kameratane i «Laudalsgjengen» stadfesta av Reichskommisar Josef Terboven. Seint om kvelden 8. mai kom tyske soldatar på «Fallskjermen» for å hente dei seks og elleve andre dødsdømde til avrettinga.[7] I følge fangar som overlevde krigen, og som var til stades då mennene vart henta, var dei heilt rolege. Dagfinn Hauge tala med dei dødsdømde kvelden før avrettinga. Han fortel i boka si Slik dør menn om det veldige inntrykket det var å tale med Knut Bø.[8] Dei siste orda til major Laudal skal ha vore: Vi skal dø oppreist, gutter. Knut Bø var framleis sterkt hemma av leddgikt, og måtte ake seg ned trappene.

Dei dødsdømde vart køyrde med lastebil til Trandumskogen. Her blei dødsdomane fullbyrda ved skyting om morgonen 9. mai 1944. Kroppane vart lagde i grav nr. 17. Dei seks frå «Laudalsgjengen» som blei avretta var major Arne Laudal, Knut O. Bø, Arne Thurin Bjørge, Olav Dyvik, Torleif Tellefsen og Aanund Tveit. Dei var heltar som sette fedrelandet foran alt.

Gravlagd i Valle

Leivningane etter Knut Bø vart funne på Trandum i juli 1945. 19. juli 1945 var det stor gravferd for han i Setesdal. Først var det ei markering i bedehuset på Byglandsfjord, før kista vart køyrd til heimbygda Valle. Ein stor prosesjon følgde kista gjennom bygda. På kyrkjegarden var det samla rundt 1000 menneskje. Tidlegare Grinifangar og norske og britiske militære stod æresvakt. 8. mai 1949 vart det avduka ein minnestein på grava hans på Valle kyrkjegard.[9]

Namnet til Knut Bø er også hogge inn i den vakre minnesteinen som står ved Bygland kyrkje til minne om dei frå Bygland som fall for fedrelandet i fridomsstriden 1940–1945.

Referansar

  1. Kristen Taraldsen, Frihetens flamme – major Laudal og hans menn, Fædrelandsvennen, 1994, s. 78
  2. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 87
  3. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 162–164, s. 228–230, s. 367
  4. Paal Vollen, Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld, Jol i Setesdal, 1972, s. 19–20
  5. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 367
  6. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 393
  7. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 426
  8. Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld, s. 19
  9. Knut Gjerden, Leonhard Jansen, Alfred Ryningen, Bykle under krigen 1940–1945, utgjeve av Bykle kommune, 1995, s. 82

Litteratur

  • Kristen Taraldsen, Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, utgjeve av Fødrelandsvennen, 1994
  • Paal Vollen, Setesdølen Knut Bø sin siste julekveld, artikkel i Jol i Setesdal, 1972, s. 19–20
  • Thomas V.H. Hagen, Fedrelandet foran alt, artikkel i Agderposten sitt magasin, 9. mai 2014
  • Knut Neset, Harde år under hakekorset - med Milorg på Sørlandet, Tiden forlag, 1988

Eksterne lenker