Minne frå krigsåra

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Dåsvatn 2016.

Minne frå krigsåra er eit kapittel i boka Barndomsminne frå Hornnesbygda, skrive av Nils Dåsvatn. Boka vart utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag i juni 2016. Ho er å få kjøpt på Norli Evje. Kapittelet er attgjeve slik det står i boka, med godkjenning frå forfattaren. Lenkene i denne elektroniske utgåva er lagt til i ettertid.

Minne frå krigsåra

Dei første krigsdagane

Kapitulasjonen april 1940. Soldatar på marsj sørover ved Grendi.

Då krigen kom til Norge i april 1940, var eg ti år. Då krigen slutta, var eg femten år. Dei fem åra hugsar eg godt. I 1940 var eg stor nok til å forstå det som hende, og eg følgde godt med. Samtidig var eg så ung at eg ikkje var noko problem for tyskerane; dei såg på meg som ein gutunge. Eg skriv det nå slik eg hugsar det.

8. april 1940 høyrde vi at eit tysk skip var senka utanfor Lillesand. Det var uhyggelege nyheter. Eg tenkte på dette då eg la meg den kvelden. Dagen etterpå, den 9. april, var det krig i Norge. Tyskerane hadde gått i land i dei største byane i landet. Eg var hjå naboen og høyrde nyheter i radioen. Byfolk kom i bilar eller med toget oppover, og vi høyrde dei grusomaste ryktene om kva som hadde hendt i byen og omland. Domkyrkja i Kristiansand skulle vere øydelagt, og det siste ein kar såg då han køyrde oppover med toget, var at Mosby sto i brann. Flyktningane blei plassert rundt om i husene i bygda, men det var i grunnen fullt kaos, ingen hadde ansvar, folk måtte greie seg sjøl, hadde eg inntrykk av.

Hæren blei mobilisert. Det kom melding over radio over kor dei vernepliktige skulle møte. Evjemonen var ein slik stad, og det kom fleire som melde seg til teneste. Mange hadde reist langt, men då dei kom fram, blei dei bare sendt heim igjen. Noen blei skuffa; dei ville gjerne forsvare landet mot inntrengarane. Men det norske forsvaret var i oppløysing. Evjemonen blei evakuert, og det norske forsvaret trekte seg tilbake oppover dalen til Syrtveit. Leiren blei lagt åpen, og folk kunne gå inn og forsyne seg med kva dei ville. Far var der, og han sikra seg naturleg nok, nokre Nagant pistolar, nokre ulltepper og eit par ryggsekkar. Mens dei var der, gjekk flyalarmen, og eit tysk fly kretsa over leiren. Det skjedde ingen ting, men folk fekk panikk og gøymde seg som best dei kunne. Omar fortalde om ein mann frå Krossen som for hovudstups inn i ammunisjonslageret for å finne ein trygg plass.

Bombing av Evjemoen

Bombinga av Evjemoen 11. april 1940.
Foto: Biletsamlinga til Evje og Hornnes kommune

Det var muligens dagen etter, 11. eller 12. april, at Jon kom springande opp frå uthuset. «Nå kjem det ein frykteleg smell», ropte han. Ganske rektig. Tyske fly bomba Evjemoen. Dei slapp om lag 30 bomber og øydela ein del, mellom anna Soldatheimen. Men ingen mennesker blei skadd. Vi fekk panikk og rømde innover Hornåsen. Det gjorde naboene og. Vi blei etter kvart ein heil flokk. Folk sprang frå husa utan å låse døra, og dei fleste fekk ikkje med seg det minste. Bare Tora, hushjelpa til Risdal, hadde fått med seg eit putevar med litt brød og pålegg i. Vi såg det rauk frå Evjemoen, og det såg uhyggeleg ut. Risdal som var litt nærsynt, spurde: «Ser de om det brenn i mitt hus?» Bombetoktet var snart over, og vi drog heim igjen. Men Lella og Arne, to av søskena mine, var ikkje komen til rette. Far måtte av stad og leite etter dei. Det var sporsnø, så han fann eit par spor som gjekk nordover. Han følgde spora til han såg dei kryssa Dåsåna og gjekk oppover dalen. Han tenkte sitt; og ganske rektig, dei hadde gått til besteforeldrene våre på Øvre Dåsvatn. Dei hadde kome til at det var ikkje trygt å vere heime.

Tyskerane inntar Evjemoen

Det var ikkje så lenge før det blei litt rolegare. Vi blei vant til situasjonen, og blei litt meir trygge. Det var liksom så uvirkeleg alt. Vi visste ikkje kva vi skulle gjere, og derfor skjedde det ingen ting. Men ein dag kom ein gut frå byen. Halvard Olsen heitte han og budde hjå Ådne Tveit. Han fortalde at tyskerane var komen til Kjetså. Han ville ut og møte dei. Han spurde om eg ville vere med, og eg blei med han. Eg hugsar han hadde ein ridepisk i handa. Den gøymde han i ein einerbusk. «Kanskje tyskerane kan se at det er militært utstyr», sa han. I Hornnesholtane, rett utanfor Skoghytta, møtte vi den første tyskeren. Han lurde seg frå tre til tre med mauseren klar. Vi kvapp litt, men han bare vinka til oss at vi måtte fortsette utover; ikkje oppover naturleg nok. Mellom Voilestø og Prestegarden sto det ein lang kolonne. Eg trur det var både bilar og hestar. Soldatane smilte og var vennlege mot oss; vi fekk til og med bong-bong av dei. Vi fekk ikkje lov til å gå oppover igjen. Men det tok ikkje så lang tid før dei drog vidare. Dei hadde konstatert at Evjemoen var evakuert, så dei kunne innta den.

Okkupasjon

Tyske soldatar utanfor Dølen Hotel.
Foto: Alf Georg Kjetså si biletsamling

Etterkvart roa livet seg. Vi blei vant med at tyske soldatar for rundt i bygda. Litt spennande var det til å begynne med, men så kapitulerte det norske forsvaret, krigstilstanden var over, og alle kunne slappe av. Tyske soldater gjekk rundt i bygda. Dei ville gjerne handle i butikkane. Sjokolade og egg var populært. Evakuerte byfolk drog etter kvart heim igjen, og livet i bygda normaliserte seg. Men den gode tryggheten var borte, vi var okkupert. Heldig var det at tyskerane godtok nordmennene. Vi var germanarar. Dei var venlege mot oss gutungar og vi fekk rett som det var godsaker av dei. Dei ville gjerne ha kontakt med oss. Etterkvart lærde vi litt tysk, og dei litt norsk så vi kunne prate med kvarandre. Vi holdt oss ofte i nærheten av dei når dei marsjerte eller dreiv med eksis. Ein gong tok ein løytnant tak i meg. Eg blei litt redd, men han stilte meg bare framfor troppen, klappa meg på hovudet og sa: «Ein echter Germaner!» Dei hadde ofte utmarsjar og var flinke til å gå i takt og synge. «Ja, wir fahren, ja, wir fahren gegen Engeland.» Vi la gjerne til: «Men kommer aldri fram.»

Tyskerane var som nemnt stort sett vennlege mot oss, men sa vi noko nedsettande om Hitler eller Tyskland, var dei ikkje nådige. Josef Klugh pekte på eit tre der det sto V med H-7 i: «Das ist frech», sa han. Eg pekte på eit anna tre der det sto ein V med eit hakekors i: «Das ist auch frech», sa eg. Då slo han til meg av full kraft så eg låg flat på marka, og han sto over meg og brølte, og sa at dersom eg sa det ein gong til, så skulle eg kome «in Gefengnis, Zwei-mal-zwei meter». Dei var hårsåre, så sa ein til ein tysker at han var veruckt, då tende han på alle pluggane. Eg opplevde det. Ein gong baud eg to sardinboksar for ei pakke tobakk til ein tyskar. «Verruckt», svarte tyskaren. «Nein do bist verruckt», sa eg , utan å tenke meg om, lausmunna som eg var. Han blei frykteleg sinna, og berre rask flukt berga meg for å få ein kraftig omgang. Men dette gløymde ikkje tyskaren. Fleire dagar seinare passa han meg opp, og sprang fram bak eit vedlag og greip tak i meg. Eg blei livredd, for han var rasande. Eg hugsar han var kvit i munnvikene. «Ich bin nicht verruckt», forsikra han. Eg prøvde så godt eg kunne å forklare at eg slett ikkje hadde meint det heller. Til slutt roa han seg. Han godtok forklaringa mi, og då slo han heilt om. Han fortalde at han hadde vore på austfronten, og at han var redd for å bli sendt dit igjen. Han fortalde om familie og born i Tyskland. Eg fekk bong-bong av han, og han sa Auf wiedersehen.

Varemangel og rasjonering

Etter kvart blei det mangel på mange varer. Det blei rasjonering på importerte varer, og det blei vanskeleg å få tak i det vi hadde bruk for. Vi handla med tyskerane. Dei hadde tobakk, vi hadde egg og sardiner. Tre boksar sardiner eller fem egg var vanleg for ei pakke tobakk. Brinkmann, Juno og Sultan var vanlege namn på tobakk og sigarettmerker.

Det blei etter kvart lite varer i butikkane. Vi fekk rasjoneringskort på mat og klær. Kvaliteten på varene blei ringare. Det var krise. Men stort sett, vi lei ikkje naud. Brødmat blei det nok litt lite av, men så hadde vi potetene. Vi fekk og hjelp, ein handelsmann skaffa oss mjøl og noen tørre kjeks. «Du har så mange gutar som veks, så du treng brødmat», hadde berre handelsmannen sagt. Du verden så godt dei kjeksene smakte.

Ein gong kunne eg ete meg skikkeleg mett på brød. Eg var med onkel Olav på Flystveit etter posten. Vi kom til garden Vormelid i Åseral. «Nå må de kome inn og få mat», sa kona, «me har akkurat fått malt kveiten, så eg har nybakt brød». Vi let oss ikkje be to gonger, og eg åt. «Nå må du ete alt du kan», sa ho. Eg veit ikkje kor mange skiver eg åt, men eg var godt mett då eg reiste meg frå bordet. Eg gjekk før Olav ut, og då høyrde eg kona sa til Olav: «Uhyven det han åt den gutungen.» Det var mest ikkje botn i den alderen.

Det hende vi fekk mat av tyskerane. Ved Skrivarmyrane hogg tyskerane ved. Der hadde dei eit feltkjøkken når dei laga mat. Når vi var med Ånund Moi og henta ved, hende det at vi stoppa ved kjøkkenet. Då fekk vi noko dei kalla Fahradsuppe, sykkelsuppe servert i eit blekkfat. Det var ei tynn kjøttsuppe, men den smakte godt.

Svartebørshandel var å selge og kjøpe varer til overpris. Mange dreiv med det. Dei utnytta folks behov for å tene pengar. Tobakk og alkohol var gode svartebørsvarer, men og smør, egg, andre matvarer og klær kom på svartebørsen. Det var ein usympatisk måte å tene pengar på.

Utrygghet og hemmeligheter

Ungdomar frå Hornnes feirar i all hemmelighet 17. mai 1942 på Svindalsheia. Med flagga godt gøymnde i ryggsekkane drog dei på heia for å feire nasjonaldagen. Først sykla dei om lag ei mil til Murtetjønn. Så tok dei beina fatt mot Høgehei medan dei song 17. mai-songar og gjekk i tog.
Foto: Frå Alf Georg Kjetså si biletsamling

Far henta «oksekjøt» på Flystveit. Først etter krigen fekk vi greie på at det var elgkjøt. Det var slik med dei fleste ting, alt måtte vere hemmeleg. Vi lærde at vi aldri måtte prate om noe mistenkeleg. Eg skulle ein gong gøyme noe tobakk på ein sikker stad. Då låg det ei pakke der. I den pakka var det ein pistol. Eg skjønde det var fars. Eg la den på plass igjen og sa ingen ting til far om det før etter krigen. Eg fekk ein gong eit blyhagl i munnen då vi åt på ein orrhane far hadde «funne under lyslina». Eg nemnde det aldri.

Det var utrygt på alle vis. Rett som det var, var det razziar og arrestasjonar rundt i bygda. Noen hadde anmeldt eller vore uforsiktig i samtalar. John, Arnold, Gunnar, Sigurd, Erling, Magnus, Tim og fleire andre hederlege horndølar blei arrestert i løpet av krigen. Dei hadde våpen, eller hadde vore med i heimefronten, eller kanskje hatt ein radio. Det var så lite som skulle til, alle var utrygge. Vi var glade då vi høyrde at Arnold hadde greidd å rømme frå tyskerane då han skulle vise dei våpelageret heimefronten hadde ved Kvitjønn. Arnold greidde å kome til Sverige.

Ein kveld smalt det eit par skot utanfor huset vårt. Berta, naboen, vår kom springande inn i kjøkkenet med to tyskerar i hælane med mauserane klare. Då dei skjønde at Berta var flyktningen, roa dei seg. Men ho måtte for ettertida hugse på å stå stille når nokon ropte «Halt!» Ein kveld eg låg i senga, kom det ein tysker stormande inn i romet. Han la seg ned og kikka under senga, men forsvant igjen. Han såg nok etter ein flyktning.

Omgang med tyske soldatar

Til dagleg hadde vi det stort greit med dei tyske soldatane. Det var vanlege greie mennesker som gjerne ville ha kontakt med oss. Vi kjende fleire av dei. Frits Maininger, Willy Kuhrt og Otto Franz hugser eg godt. Det hende dei var inne hjå oss, dei savna familien. Særleg Otto Franz frå Erfurt var ein fin mann. Hans far hadde vore med i regjeringa i Tyskland før Hitler kom til makta. Han hadde god greie på ting, men han var forsiktig. Likevel skjønde vi at han tok avstand frå Hitlerstyret. Vi trudde krigen snart var slutt, men han meinte vi måtte vente til 1945. Han håpte å bli på Evjemoen til krigen var slutt, men hausten 1944 blei han sendt til Austfronten. Vi høyrde aldri meir til han.

Då tyskerane okkuperte Farmo

Mot slutten av krigen rekvirerte tyskerane låven heime og eit rom inne i huset. Soldatene blei innkvartert på låven. Sjefen, ein løytnant, fekk kammerset inne. Soldatene ville gjerne ligge i høyet, men det vjlle ikkje mamma Berta vite noko av. Ho jaga dei, og rett som det var, inspirerte ho låven, og hvis dei ikkje lystra, trua ho med å klage til løytnanten. Ho fekk det som ho ville. Soldatane kalla henne «die bøse Mutter». Tyskerane oppførde seg pent, det var lite dei sjenerte oss. Dei hadde eit feltkjøkken på tunet, og der laga dei det meste av maten. Ein dag lukta det ekstra godt, og eg spurde kokken kva han steikte. «Kræe», svarde han. «Kræe ist schøn», la han til. Tenk å ete kråke!

Tyskerjentene

Tyskerane trengte arbeidsfolk av begge kjønn på Evjemoen. Kjøkkenteneste og reingjering var kvinnearbeid, og det var mange jenter som fekk seg jobb. Dei kom frå heile distriktet, men det var ikkje så mange her frå bygda. Ein del av dei fekk seg snart tyske kavalerar, og vi hadde inntrykk av at det skjedde litt av kvart. Vi gutungane var nysgjerrige og vi prata med fleire av dei. Dei fleste unnskylte seg med at forholdene var slik heime at dei måtte ta seg jobb for å hjelpe familien. Mange hadde tydelig dårlig samvittighet for at dei arbeidde for tyskerane. Men det var og ein god del jenter som vi skjønde var «tyskertøser», som vi sa. Det var ikkje bare med arbeid dei tende pengar. Tyskerane rekvirerte Hotellet til Risdal, og der budde mange av desse jentene. I blant gjekk det livleg for seg der.

Vi holdt litt leven med nokre av disse jentene. To av dei, Dundra og Spettet kalte vi dei, var saman med to tyskerar, og dei «koste» seg på ein benk på verandaen i Skoghytta. Vi ville gjere dei eit lite pek. Det var haust, og det var mørkt og ingen lys blei tent, så dei måtte famle seg fram til «kosebenken». Ein kamerat og eg hadde fått tak i noko spillolje som vi tømde på benken. Vi var spente på resultatet, så vi la oss i buskane nokså langt borte frå Skoghytta då jentene og tyskerane kom. Det blei stille, og alt var som det brukte å vere. Men plutselig blei det tent lys, og ein tysker brølte og banna. Sakarament! Det blei eit skrekkelig oppstyr. Dei lyste rundt i buskane. Men heldigvis; vi låg så langt borte at vi ikkje blei oppdaga, og vi lurde oss bort så fort vi kunne. Ein av tyskerane, Josef, som vi kjende, hadde oss nok mistenkt, for når vi trefte han seinare, så prøvde han på mange måtar å få oss til å forsnakke oss. Men vi greidde oss.

Vi lærde at vi skulle forakte desse jentene, men vi gjorde ikkje det. Vi prata med fleire av dei, og vi tykte dei var all right. Vi fekk sigarettar og slikkeri av dei, og dei ville gjerne at vi skulle forstå kor fromme dei var. Dei arbeidde på Monen for å hjelpe familien økonomisk, var ofte tonen. Det gjekk nokre historiar om enkelte av dei, som vi koste oss med. Ho som slo opp med ein nokså innpåsliten Obergefreiter, sa det slik: «Ich liebe dich nicht mehr, ich liebe ein Unterofizier, so viel du weizz det.» Visse språkvanskar var det nok, men som regel gjekk det greit. Ho var litt uheldig den jenta som fraus. «Es ist so kaldt, ich habe keine Hosen», sa ho, ho trudde nok at hose var det same i Tyskland som i Setesdal.

Men det var ikkje alltid så enkelt å ha ein tysk kavaler. Det var masse kjekke menn, og det endte naturlig nok med forelskelsar. Men så blei soldatane sendt til austfronten eller til Tyskland, og dei såg ikkje meir til dei. Då blei det gråt, savn og kjærlighetssorg. Eller kanskje dei fekk høyre at kavaleren hadde kone og born i Tyskland. Vi skjønde godt ho som sa det slik: «Eg sat på Bjoråheia, eg fekk ikkje luft.»

Arbeid for tyskerane

Mange menn arbeidde og på Evjemonen under krigen. Det var lite arbeid å få elles i bygda. Far var der og ein periode, men han sytte med det. Derfor, då han fekk noko anna, så slutta han. Men eg hugser at byggmeister Timenes kom og spurde om han ikkje bare kunne ta jobben med å blande maling. Han skulle få full løn uten å bruke malerkosten. Det var mangel på fagfolk. Vi høyrde om ein arendalitt som korkje ville eller kunne arbeide. Byggmeister Andersen gav han sparken. Han forlot kontoret med følgende replikk: «Men du kan prøve å ta meg i høydehopp». I bestestova heime budde ein gjeng frå heigardane. Det var Åsulv og Jon Haugland, Torbjørn Skeie og Kåre Moi. Dei hadde mykje moro og dampa og røykte, og når Oddleiv Fjellestad eller O.S Moi kom på besøk, var det mest så taket løfta seg. Vi ungane hadde det skrekkeleg moro den tida.

Nazistar og «stripete» i bygda

Vi var nok heldige i Hornnes for vi hadde få aktive nazistar som prøvde å avsløre illegalt arbeid. Dei få vi hadde, var det kanskje avdi dei hadde økonomisk fordel av det, eller at dei var glade for å få vere med i styre og stell. Enkelte hadde nok og sympati med nasjonalisten Quisling. Angivarar høyrde vi ikkje tale om. Ein bonde kom eingong til ein av nazistane og fortalde at det smalt rett som det var børseskot inne i skogen hans. «Det er nok ulovleg elgjakt», la han til. «Det må du teie still med, elles kan det bli bråk», fekk han til svar. Då krigen var slutt, var det bare eit par av nazistane som fekk korte fengselstraffer. Rettsoppgjøret var enkelt; litt mulkt og inndraging var det heile.

7. mai 1945 våga desse karane seg ut på vegen med norske flagg til armbind og våpen og ammunisjon i vegkrysset ved Hornnes bedehus i Dåsnes. Frå venstre Arne Hatteland, Ivar Abusland, Trygve Hornnes og Åsmund O. Kjetså.
Foto: Frå Alf Georg Kjetså si biletsamling

Vi lærde at vi kunne stele frå tyskerane og dei norske nazistane, men det var ein farleg lærdom. Dei fleste av oss blei «ærlege» etter krigen igjen, men ikkje alle. Ein god ven frå den tida, har ofte site i fengsel for tjuveri seinare.

Fred

Åsmund Kjetså står i Neregarden og ynskjer krigsfangane velkomne heim i 1945.
Foto: Frå Alf Georg Kjetså si biletsamling

Eg sat saman med Ingeborg Kjetså den 7. mai 1945. Ho hjelpte meg med matematikk, eg skulle prøve å kome inn på gymnaset. Då kom far hennar, Salve opp på loftet og sa: «Det er fred i Europa.» Vi la bøkene saman og børja feiringa med ein gong. Då eg kom ut, såg eg eit norsk flagg på ei flaggstang. At dei tørr, tenkte eg. Det tok ei tid før vi skjønte kva det vil sei å ha fred i landet.

Slutten på krigen blei for oss så lite dramatisk som ein kunne ønske. Tyskerane på låven rydda opp etter seg, dei ville gi oss forskjellige ting og takka pent for seg, før dei flytta til Evjemonen. Vi var patriotar og ville ikkje ta imot noko av det dei baud oss. Ein liten sykkel var det einaste som blei igjen etter dei. Den hadde vi mykje glede av.

Feiringa av freden utover sommaren var fantastisk. Men det er eit kapittel for seg.