11. april 1940

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
april
mantironstorfrelørsøn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30

11. april 1940 var ein torsdag.

Evjemoen etter bombing av tyske krigsfly 11. april 1940.
Foto: Evje og Hornnes kommune si biletsamling/utlånt av Alf Georg Kjetså
Nøytralitetsvakter på Steinsfjell, Evje, vinteren 1940. Frå vestre Trygve Gullesen, Notto Åsland, Nils Fennefoss og Leif T. Birkeland. Desse soldatane skal også ha vore på Steinsfjell 11. april 1940.

Hendingar[rediger]

  • Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei natta mellom 10. og 11. april trukke nordover frå stillingane sine ved Mosby-Kvarstein, først til traktene ved Reiersdal/Langevatnet, og tidleg om morgonen vidare til Hægeland
  • Evjemoen blei bomba av tyske fly. Angrepet starta rundt klokka 9.30, og var utført av to puljer med totalt seks fly. Totalt skal det ha blitt sluppe 48 bomber. Fleire bygningar blei sette i brann. Kantina og hovudkjøkkenet blei totalskadde. Nordre kaserne vart påført store skader. Det blei skote mot dei tyske flya frå mitraljøse- og maskingeværstillingar, mellom anna på den gamle idrettsplassen i Nordre Leir og på Listeinsfjellet. Sigurd Skomedal var mellom soldatane på Listeinsfjellet. Løytnant E. F. Iveland skal ha hatt kommandoen. På Steinsfjell var det flyvarslingspost. Her låg mellom fleire Trygve Gullesen, Notto Åsland, Nils Fennefoss og Leif T. Birkeland. Dei var blitt kalla inn som nøytralitetsvakter vinteren 1940, like før krigen braut ut. Det blei skote mot flya frå Steinsfjell. Men soldatane måtte søke dekning då dei tyske flya skaut tilbake

  

Kjelder/Litteratur[rediger]