Hornnes Hotel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes Hotel.
Foto: Ukjent
Hornnes Hotel slik bygget ser ut i dag.

Hornnes Hotel blei bygd ca. 1903, nær Hornnes jernbanestasjon. Huset var i sveitserstil, med eit tårn på toppen. Olav E. Risdal (1872-1945) var byggherre. Han var gift med Birgit Drengsdotter Bjørnarå (1871-1930). Far hennar dreiv hotellet Vallarheim i Valle. Birgit hadde såleis god kjennskap til hotelldrift. Det vert sagt at det i praksis var henne som dreiv hotellet. Hotellet hadde 22 rom og var også husvære for Olav og Birgit.

Om vinteren vart hotellet ofte stengt. Då flytta Olav og Birgit opp til Kallhovd der dei hadde kjøpt ein gard.

Vegfarande opp og ned Setesdal brukte hotellet som overnattingsplass. Forfattaren Knut Hamsun var her fleire somrar. Han skal ha arbeidd med fleire av bøkene sine på hotellet. Også den danske forfattaren Jørgen Bukdahl kom til Hornnes og budde på hotellet. Gjesteprotokollen på hoteller gjekk diverre tapt i ein brann. Så det er i dag ikkje mogeleg å fastslå nøyaktig når Hamsun og dei andre gjestane budde på hotellet.

Birgit døydde 1930, bare 59 år gamal. Den viktigaste pådrivaren for hotelldrifta forsvann. Aktiviteten blei gradvis redusert. Ein gong i 1930-åra var det heilt slutt.

Hornnes Hotell er ikkje meir. Men etter at hotelldrifta var slutt, heldt Setesdalens Bokhandel til her i mange år. Tårnet blei fjerna på 1950-talet. Det blei gjort ei større ombygging i 1958. 17 vindauge vart blenda, og det kom ny kledning. I mange år var det bustadhuset til Jørund Greibrokk og kona Elna Greibrokk, og borna deira Gunnar Greibrokk og Trude Greibrokk. Jørund hadde overteke bygget etter at Olav Risdal døydde i 1945.

Kjelder