Handballgruppa Otra IL

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Janne Wienenga kjemper for Otra mot Grindheim i 3. divisjon kvinner i Otrahallen 10. januar 2015.

Handballgruppa i Otra IL er ein av dei største breiddehandballklubbane på Agder, med rundt 280 aktive spelarar (2014). Otra hevdar seg bra i ungdomsklassane, og rekrutterer spelarar til toppklubbane i regionen og til regionale og nasjonale talentsamlingar.

Handballgruppa har tilbod om aktivitetar for alle born frå 8 år og oppover til seniorlag for damer og herrer.

Handballaga til Otra IL spelar heimekampane sine i OtrahallenHornnes. Frå 2017 er treningane i Otrahallen og i den nye Evje flerbrukshall.

Historie[rediger]

Jostein Berget.

Jostein Berget organiserte den første handballgruppa i Otra IL. Han hadde prøvd å få i gong eit handballag på Evje alt før Otra IL vart stifta, og blei vald til den første formannen i handballgruppa då Otra kom til i 1960. Handballgruppa var såleis ei av dei fire opphavelege gruppene i idrettslaget. Med i det første styret var Anna Galteland og Hjørdis Kjebekk. Styret fann i første omgang at det var jentene dei måtte satse på å få med.

Det aller første handballaget blei danna hausten 1960. I 1961 deltok det første jentelaget i kretsserien i Vest-Agder. I 1963 var eit gutelag med for første gong. Dei første åra gjekk treningane mykje føre seg i gymsalen på Hornnes gymnas eller inne i Evjemoen militærleir. Utandørs trente handballspillerene på Evje kommunale idrettsplass.

Hausten 1968 blei ein ny handballbane opparbeidd og asfaltert inne på Dyrskuplassen på Evje. Her bidrog Forsvaret med både folk og maskiner. 22. september 1968 blei den nye banen høgtideleg opna av ordføraren.

I 1969 blei Otra sitt småpikelag krinsmeistrar. Det var aller første gong eit handballag i Otra fekk oppleve dette. Jostein Berget var hovudtrenar for laget. Dagfinn Eriksen var hjelpetrenar.

Otra hadde dette første tiåret i lagets historie ingen handballhall der heimekampane kunne spelast. Dei laut ein spele i Vennesla eller i Kristiansand. Men i ein periode fekk laget lov til å spele heimekampane sine i ein plasthall på Evjemoen.

Leiarar[rediger]

Svein Arne Haugen, leiar av handballgruppa 2004-2014.
Foto: Geir Daasvatn

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Handballsida på Otra IL si heimeside