Håkon Rissmann-Bredesen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Håkon Rissmann-Bredesen
Håkon Rissmann-Bredesen.jpg
Født: 28. mai 1942
Død: 7. juni 2013 (71 år)

Håkon Rissmann-Bredesen (født 28. mai 1942, død 7. juni 2013) var leiar i handballgruppa i Otra IL i 1977-1980. Han hadde fleire stillingar i Forsvaret etter endt krigsskole i 1968 og fram til 1983. Då han slutta i Hæren var han major og avdelingssjef ved Troms landforsvar.[1] Han budde på Koppang, der han dreiv Rissmann - Bredesen Consulting. I 2009 - 2010 var han konstituert rådmann i Iveland kommune[2], og han har hatt fleire slike oppdrag gjennom åra, sist i Stor-Elvdal kommune.

Då han var rådmann i Sirdal kommune, var han pådrivar for å utvikle vennskap mellom Sirdal og Väike-Maarja kommune i Estland. For dette vart han utnemnd til æresborgar av Väike-Maarja kommune, og han besøkte kommunen i Estland mellom 25 og 30 gonger, siste gong i slutten av 2011.[3]

Referanser[rediger]

  1. Håkon Rissmann-Bredesen 70 år. Omtale i Aftenposten lørdag 26. mai 2012 side 16
  2. rådmann Iveland
  3. Minneord i Estland

Eksterne lenker[rediger]