Inger Anne Wienenga

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inger Anne WienengaSymbol unrelated.svg
Født: 8. august 1949 (69 år)

Inger Anne Wienenga er fødd i 1949. Ho budde dei første åra i Stavanger, men vaks seinare opp og budde mange år i Evje. Ho er dotter til Nora Wienenga (fødd Åvitsland) og Lüppo Wienenga. Foreldra dreiv gartneri på Sindremoen og opna blomsterbutikk i det nye Sentrumsbygget då dette stod ferdig i 1973. Inger-Anne dreiv denne blomebutikken i fleire år etter foreldra. I 2000 flytta ho til Kristiansand, og dreiv ei tid heile åtte blomebutikkar. I 2004 starta ho opp i ei ny bransje, då ho opna forretninga Regntøyspesialisten i Kirkegata i Kristiansand.

I 2011 selde ho butikken, og flytta til Tønsberg. Ho bur no på Nøtterøy.

Inger Anne Wienenga var leiar i handballgruppa i Otra IL i 1981-1983.

Kjelder[rediger]