Egil Guthormsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Egil Guthormsen budde i Evje, og var offiser på Evjemoen.
Guthormsen var svært aktiv i Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps dei første åra etter at korpset var skipa. Han hadde fleire førstehjelpkurs for dei unge, som var utan erfaring frå hjelpekorpsarbeid, og hadde elles ansvaret for praktisk opplæring av medlemene gjennom fleire år.
Guthormsen var med i byggekomitèen for Otrahytta, den første sekretæren i hyttestyret, og leiar for styret i åtte år, frå 1981-1989. I desse åtte åra var han samstundes fast styremedlem i Otra IL. På 1960- og 1970-talet var han var sterkt engasjert i arbeidet i handballgruppa, og leiar i gruppa i 1971.
Kjelde
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 159
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 48-53 og s. 68