Vidar Lande
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vidar Lande![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
På Bygland pensjonistforenings arrangement 10. mai 2012. Foto: Siri Johannessen
| ||
Født: | 19. januar 1949 (76 år) |
Vidar Lande (fødd 1949) er ein norsk folkemusikar og pedagog frå Lauvdal i Bygland. Han har vore professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark avdeling Rauland, der han har hatt hovudansvaret for å bygge opp eit masterstudium i tradisjonskunst (folkekunst-folkemusikk). Han har og arbeidd i vidaregåande skule og vore førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Oslo og Høgskulen i Telemark.
Lande har vore aktiv folkemusikar på hardingfele sidan førstninga av 1960-talet, og har utgjeve mange musikkinnspelingar med lokal folkemusikk sidan slutten av 1970-talet. Han har vore oppteken av rekonstruksjon av spelestilar i Setesdals- og Agder-området og har laga seks CD-plater i samband med dette.
Bibliografi
- Mot forståing av folkeleg felemusikk i Tovdalsområdet, artikkel i Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, Åmli Boknemnd, 2018, side 60-271
- Otto Furholt. Slåttar. Kristiansand spelemannslag, 2001
- Slåttar og spelemenn i Bygland, Norsk folkemusikksamling, 1983
Diskografi
- Sordølen (dobbel-CD) saman med songaren Gunhild Tømmerås, Spellemannprisen 2004
- UNESCO COLLECTION, CD: NORWAY. Fiddle music from Agder. Musique folklorique de l'Agder pour violon. 1996
Heider
- Norsk folkemusikkfond sin pris 2001
- Heidersmedlem i Setesdal Spelemannslag 2012
Kjelder
- Anne Tone Aanby, presentasjon av Vidar Lande i Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, Åmli Boknemnd, 2018, side 15