Langevatn molybdengruve

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Langevatn molybdengruve var ei gruve drifta på molybdenførekomsten ved Koparnuten ved Langevatn i fjellet vest for BreiveHovden. Då hadde det tidlegare, frå rundt 1898, vore noko drift etter kopar på same staden. Kobbernutens Interresentskap eigde driftsrettane i området.

Molybdenruva var i drift omlag frå 1910/1911–1913, ved eit tysk gruveselskap som hadde leigd driftsrettane av Kobbernutens IS. Seinare, omkring våren 1918, sette Kobbernutens IS sjølv i gang med drift etter molybden her. Men i november 1918 var 1. verdskrigen slutt. Molybden brukast mellom anna i våpenproduksjon, og var ikkje lenger like etterspurt. Drifta stansa igjen ganske snøgt.

Mellom dei som arbeidde i molybdengruva ved Langevatn var den tidlegare driftsstyraren på Evje nikkelverk, Gudbrand Henriksen. Han var disponent ved anlegget.

Kart

Laster kart...

Kjelder