Langevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Langevatn 20. juli 2021. I framgrunnen den gamle dammen.

Langevatn er eit regulert vatn (667,2-683,0 moh.) i fjellet nord-aust for Ljosland i Åseral. Vatnet blir overført til Nåvatn, som er magasin for Skjerka kraftverk, gjennom ein over 13 km lang tunnel. Agder Energi har bygt ny steinfyllingsdam ved Langevatn og ny tunnell Langevatn–Nåvatn. I samband med dette arbeidet er også Langevassvegen mellom Ljosland og Langevatn oppgradert.

Ikkje så langt nord for Langevatn går kommunegrensa mellom Åseral og Bygland. I dette området, i Bygland, ligg den kjende, nedlagte fjellgarden Pytten. Her, langt inne i fjellheimen, var det gardsdrift heilt til 1952.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...