Fossvik brygge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den gamle dampskipsbrygga i modernisert form 2. mai 2015.

Fossvik bryggeEvje er den gamle dampskipsbrygga som blei bygd ved Fossvik på austsida av Otra nedanfor Fennefossen, då Bjoren tok til å gå heilt til Fennefoss i åra rundt 1880. Tidlegare hadde båten bare gått til Dåsnes.

Bryggevegen går frå Verksvegen forbi Kongshaugen og ned til brygga.

Historie[rediger]

I boka om Postvegen skriv Leonhard Jansen at Bjoren si rute blei forlenga frå Dåsnes til Fossvik i 1879. I kulturminneplanen for Evje og Hornnes er det sagt at brygga i Fossvik kom i 1882. Lokalhistorikaren Sigmund Monen fortel at Evje nikkelverk bygde brygga kring 1880. Men det tok likevel, i følge Monen, fleire år før kaptein Godtfredsen ville køyre dampbåten til den nye brygga på Verksmoen og til Fennefoss brygge på andre sida av elva. Avtalen hans med dampskipsselskapet var at han bare skulle køyre båten til Faret ved Hornnes kyrkje![1]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...