Kongshaugen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kongshaugen i 2010.

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved FennefossenVerksmoen i Evje. Han er tidfest til siste halvdelen av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og ca 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m i tverrmål og kanskje 8 m høg. Haugen ligg sentralt i eit svært gravfelt med mange haugar. Ein trur Kongshaugen er den eldste, og at dei andre haugane blei bygde rundt han.

N. Nicolaysen meiner at Kongshaugen må vere ei kvinnegrav. I haugen fann ein ein bronsekjele, ein beinkam og andre stykke av bronse. Men elles er han ikkje særleg funnrik. Det skal ha blitt grave i haugen fleire år før han vart undersøkt av Nicolaysen, noko som kan ha gjort at viktige kulturminne gjekk tapt. Seinare er haugen undersøkt av professor Sverre Marstrander i 1936.

Slik Kongshaugen ligg der, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes, fortel han i eit tydeleg språk at menneska i bygda vår nå var komne godt over eksistensminimum når dei kunne bruke så store ressursar på eit slikt uproduktivt byggverk.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...