Fennefoss brygge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Otra forbi Fennefoss, sett frå Fennefoss brygge 28. desember 2017.

Fennefoss brygge blei bygd på vestsida av Otra kring 1880, i den tida då Bjoren trafikkerte Kilefjorden. Frå oppstarten i 1867 gjekk Bjoren bare til Faret i Hornnes (ved Dåsnes). Seinare blei ruta altså forlenga til Fennefoss og Fossvik brygge på austsida av elva.

Det skal ha teke fleire år frå Fennefoss brygge blei bygd til ho kom i bruk av Bjoren. Kaptein Godtfredsen meinte avtalen han hadde med dampskipsselskapet bare gjaldt fram til Faret.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...