Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei
- Denne artikkelen er eit utdrag som omfattar Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde
Forslag til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei er utarbeidd av Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Bakgrunnen for planarbeidet var behovet for ein felles samordna forvaltningsplan for alle verneområda verneområdestyret hadde forvaltningsmynde for. Planen tek i hovudsak utgangspunkt i verneføreskrifter og eksisterande forvaltningsplanar for dei ulike verneområda, samt forvaltningspraksisen verneområdestyret har etablert sidan det vart konstituert 15 mars 2011.
Mykje av det daglege arbeidet med forvaltningsplanen blir lagt til ei prosjektgruppe som har bestått av medlemmane i arbeidsutvalet og forvaltningssekretariatet. Oppstartsmelding for planarbeidet vart sendt 1 februar 2013 og verneområdestyret godkjente utkastet til forvaltningsplan 7 mai 2014. Etter ein fagleg gjennomgang i Miljødirktoratet gav dei klarsignal til at planutkasten kunne sendast ut på høring 12 juni 2014.
Målsetting
Målsettinga for denne forvaltningsplanen er at den skal være eit praktisk hjelpemiddel i den daglege forvaltninga, og at den skal fungere som eit opplagsverk både for søkarar og forvaltninga. Den overordna målsettinga med forvaltningsplanen er å ta vare på verneverdiane, både gjennom å beskytta dei mot uønskja inngrep og gjennom å legge til rette for aktivitet som fremmer verneverdiane. Eit anna formål med forvaltningsplanen er å gi rammene for ein heilskapleg og pårekneleg forvaltning den kommande tiårs perioden (2015-2025). Gjennom å utarbeide klare reglar for forvaltningspraksis og sakahandsaming, håpar ein både å bidra til å dempe konfliktar og å sikre at ein unngår tilfeldige avgjersler som kan skade verneverdiane.
3.7 Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde har areal i Bykle, Valle, Bygland, Sandnes, Sirdal, Åseral, Hægebostad og Kvinesdal kommunar og vart oppretta i 2000. Det samla arealet på verneområdet er på 2.385km².
Føremålet med vernet av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane er:
- Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
- Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.
3.7.1 Områdebeskriving
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar eit stort og samanhengande heiområde frå Bykle i nord til Hægebostad i sør. Store deler av dei nordlege delane omfattar snaufjell i høgdelaget 1000–1400 moh, bortsett frå nokre skogsområde i dalføra som går inn i verneområdet frå aust. Sør for Brokke-Suleskarvegen ligg heiområda lågare (800–1000moh) og innslaget av skog er større i kantane av verneområdet.
Avgrensing og eigedomstilhøve
Det nordlegaste punktet i Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane landskapsvernområde ligg i Holmavatnet der fylkesgrensa for Telemark, Rogaland og Agder møtast. Der frå går nordgrensa søraust over fram til Rv-9 ved Breidvatn. Vidare sørover følgjer austgrena i all hovudsak fjellbrynet ned mot Setesdal med unntak av dalføra ved Store Førsvatn, Vatndalsvatnet og Botsvatn kor grensa går lenger vest. Frå fylkesgrensa til Vest-Agder blir grensa for verneområdet trekt lenger inn i heia vest for Ljosland og Kyrkjebygdi. Sørgrensa går rett vest over frå Tindefjellet til Flofjellet. Lengst i sør går vestgrensa nordover eit stykke inne i heia forbi Knaben og vidare til Kvifjorden. Her går grensa etter austbreidda og vidare opp langs Kvina til Øyarvatnet og Brokke – Suleskardvegen. Nå går grensa mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Dyggjandvatnet. Vidare går grensa sørover, først langs Sira og etter kvart langs Valevatn. Ved Hestekveven bryt grensa mot nordvest fram til Tjodanvatnet og vidare nordaustover til Andersvatn. Nå går grensa på nytt mot nordvest og kryssar Lysedalen før den går mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Grauthellervatnet. Vidare følgjer grensa HRV på Svartavatnet mest rundt heile magasinet før det går rett vestover til Skumreknuten. Frå her går grensa rett nordover til Beinleivatnet. Vidare følgjer grensa Blåsjø til fylkesgrensa mellom Aust Agder og Rogaland lengst nordaust i magasinet. Vidare følgjer grensa for verneområdet fylkesgrensa over Holmavatnet, Austre Kaldafjell og Storhidlernuten fram til Holmavatnet.
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar 418 gards- og bruksnummer. Om lag 1/3 av verneområdet omfattar statsgrunn fordelt på Njardarheim (Statskog) og Bykle statsalmenning. Dei øvrige 2/3 av arealet ligg på privat grunn. I verneområdet er det fleire store sameiger (drifteheier), og ei lang rekke andre private eigedommar av ulik storleik.
Landskap og inngrep
I Naturtyper i Norge (NiN) tilhører dei indre og høgareliggande delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane hovudtypen 5 Ås- og fjelltopplandskap og landskapstype 5, Småkupert høgfjellslandskap, mens dei lågareliggande delane i sør og aust tilhører landskapstype 4 Kupert åslandskap.
Områda langs i det markerte dalføret ved Botsvatn tilhører hovudtypen 3 Fjord- og dallandskap og landskapstype 5, Nedskåret dallandskap.
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde kan karakteriserast som småkupert heielandskap. Det er likevel kontrastar i landskapet både mellom typiske lågheier i sør og eit meir storkupert høgheilandskap i nord, samt den brå overgangen mellom lågland og høgfjell i dalane som er ein del av verneområdet. Dei fleste av dei større toppane i verneområdet finn ein i nordvest på grensa mot Suldal med Austre Kaldafjell (1462moh og Storhidlernuten (1402moh) som dei mest markante. Andre markerte toppar i verneområdet er Urdalsknuten (1434moh) og Rjuven (1367moh).
Området inneheld og eit stort tal større og mindre innsjøar og vatn. Nokre stader er det og ei tydeleg kulturpåverknad i form av beite- og stølslandskap.
Landskapet er stadvis sterkt prega av inngrep i samband med kraftutbygging. Sjølv om grensene er trekt slik at dei største reguleringsmagasina ikkje inngår i landskapsvernområdet er område sterkt prega av ulike inngrep i samband med kraftutbygging. Dei største reguleringsmagasina i tilknyting til Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane er Store Urar, Blåsjø, Svartavatnet, Rosskreppfjorden, Valevatn, Kvifjorden og Nåvatn. I samband med kraftutbyggingane er det og bygd ei rekke anleggsvegar inn i verneområdet, dei største av desse er Ormsavegen (14km), Store Urarvegen (20km), Storevassdammen (5km) og Svartevassdammen (10km). Det går også fleire kraftliner gjennom verneområdet, dei største av desse er Kvildal-Holen (8km), Tokke-Førre (3km), Flogvatnet-Roskrepp (6km), linje i sør (xxkm).
Når det gjeld bygningar så står det 18 turisthytter med tilhørande sikringsbuer og uthus i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. I tillegg har Statskog 28 hytter og buer som anten er til utleige eller står opne for allmenn bruk. I område står det om lag 50 stølshus og om lag 40 driftehytter. Det er og om lag 50 fritidshytter i verneområdet og til saman 40 av desse ligg i Grydalen hyttefelt i Sirdal.
Bruken av Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane i dag
Stavanger turistforening har åtte sjølvbetjente turisthytter i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde (Vassdalstjønn, Hovatn, Storsteinen, Litle Aurådal, Kringlevatn, Storevatn, Taumevatn og Grautheller). DNT-Sør har ei betjent (Gaukhei), seks sjølvbetjente (Sloaros, Bossbu, Svartenut, Øyuvsbu, Josephsbu, Lakkenstova) og tre ubetjente turisthytter (Stavskar, Håhellerhytta, Stakkedalen) i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Dei siste åra har desse 18 turisthyttene hatt til saman om lag 9700 overnattingar i året. Desse er fordelt på 1900 i vintersesongen og 7800 i sommarsesongen. I tillegg har Statskog til saman 28 hytter og buer i verneområdet. Til saman 15 av desse blir leigde ut i samband med jakt og fiske, mens nokre mindre buer står opne. I 2013 var det til saman xxx overnattingar på hyttene til Statskog.
Bruken av turisthyttene i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde ser ut til og ha vore relativt stabil dei siste 20 åra, men det er registrert ein nedgang i overnattingstale på hyttene rundt Blåsjø på om lag 30%.
Turistforeiningane har om lag xxx km kvista vinterløyper i område. Hovedløypenettet til Stavanger turistforening frå Vassdalstjønn ned til Grautheller og Storevatn kvistast frå helga før påske til helga etter påske. Her frå og ned til Ådneram kvistast det frå 1 februar og ut april. I tillegg kvistast Holmevasshytta-Sloaros og Taumevatn-Håheller frå 8 februar til 1 april. Lenger aust og i sør kvistast løypenettet til DNT-Sør i perioden 18 februar til 1 april.
Fleire område i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde blir svært mykje brukt til dagsturar både sommar og vinter. Ein av dei mest brukte lokalitetane er områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen (Fylkesveg 337). Registreringar gjort i 2013 syner at så mange som 84.000 kjørety passerar over heia i tidsrommet 30 mai til 16 oktober. Personteljarar plassert ved fleire av dei mest brukte stiane ut frå vegen tydar på tydar på at desse vart bruka av 2-3000 turgåarar i løpet av barmarkssesongen. Ein annan liknande lokalitet er områda ved Lysebotnvegen (Fylkesveg 986) som og går tvers gjennom verneområdet. Her passerar det om lag xx.xxx kjørety kvart år mellom mai og oktober. Det er ikkje vorte gjennomført teljingar av turgåarar ut frå vegen, men tala liknar truleg på dei frå Brokke-Suleskardvegen.
Andre område i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde med mange dagsbesøkande er skiløypene Storenos og Hovden-Sloaros i Bykle, anleggsvegen til Store Urar i Bykle. Andre dagsturområde som er mykje brukt er Berg-Stavskar og Everdalen i Valle, Pytten i Bygland, Lordehytta i Åseral, Knaberøysa i Kvinesdal, samt skiløypene i Grydalen og til Døgevasshytta i Sirdal.
Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde har alltid vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Talet på fellingsløyve for villrein varierar med storleiken på stamma, men i 2013 var det gjeve xxx løyver i verneområdet. Dette gjeld særleg villreinjakt i dei austre delane av verneområdet. Dei siste åra har talet på fellingsløyve for villrein vore lågt samanlikna med tidlegare. Dei siste åra har det vore gjeve om lag xxx fellingsløyve på elg og xxx løyve på hjort. Småviltjakta er særleg god i dei sørlege delane av verneområdet, og særleg rypejakta har lange tradisjonar. I 2013 vart det selt om lag xxxx jaktkort for småvilt i verneområdet.
Grunneigarane jaktar ein del sjølve, men det er lang tradisjon for utleige av jakt i verneområdet og omfanget av utleige av jakta er framleis stort. Statskog er største grunneigar i område og leigar ut både reinsdyrjakt og småviltjakt på mest heile arealet.
Det er eit svært godt fiske mange stader i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, og mange grunneigarar og grunneigarlag sel fiskekort. I tillegg gjeld medlemskort i Stavanger turistforening som fiskekort langs store delar av løypenettet. Det er ikkje noko samla statistikk over salet av fiskekort.
Det går ikkje føre seg næringsfiske i stor skala nokon stader i verneområdet, men fleire grunneigarar fisker mykje til eige bruk.
Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er eit svært viktig beiteområde for sau, og blir nytta av både grunneigarane i bygdene rundt heia og sauebønder på Jæren som leigar beite i verneområdet. I 2013 beitte om lag 60.000 sau og lam i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen er dei lokalitetane med flest sau og det hardaste beitetrykket. Dei gamle stølane blir i nokon grad brukt i samband med tilsyn og sanking av beitedyr, i tillegg er det fleire driftshytter i område som nyttast i samband med beitebruken. Til dømes eig og disponerar Jæren smalelag, som er det klart største beitelaget i området, til saman 20 driftehytter i verneområdet. Hyttene er av ulik standard og storleik frå små buer på 10-20 m2 til større hytter på 70 m2. Beitebruken fører og med seg ei del motorferdsle med både snøskuter og helikopter i samband med frakt av saltstein og gjerdemateriell, samt ferdsle i samband med vedlikehald og frakt av brensel og proviant til driftehyttene. Pr 1.1.2014 var det gjeve om lag 100 motorferdsleløyve i samband med beitebruk og anna landbruksdrift. Sidan verneområdestyret vart konstituert i 2011 har det vorte gjeve løyve til fire nye driftehytter/sankebuer og mindre utvidingar av til saman fire driftehytter.
Det veks ein del drivverdig skog i dei lågareliggande delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde som til dømes Ljosådalen i Valle, Lognadalen i Bygland og Homstøldalen i Hægebostad. Dei fleste stadene gjer likevel vanskeleg terreng og store avstandar skogressursane vanskeleg tilgjengeleg. Dei siste åra har derfor omfanget av skogsdrifta i området vore avgrensa. Mange grunneigarane tek likevel ut ved til eige bruk.
Fjellgarden Pytten i Bygland er den einaste garden innafor verneområdet kor det framleis er ei viss drift. Her blir innmarka slege og det blir halde beitedyr på garden.
Når det gjeld anna verksemd innafor landbruket er det lite aktivitet i verneområda. Dei siste 15 åra har det ikkje vore søknader om nydyrking, grøfting, landbruksveg eller treslagsskifte.
Det er pr 2014 gjeve 210 motorferdsleløyve for snøskuter i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Nokre av desse er omfattande løyve som medførar mykje motorferdsle. To av dei gjeld transport til Stavanger turistforening og DNT-Sør sine hytter og kvisting av løyper mellom dei. Det er og gjeve ti løyver etter dei same rutene i samband med kjentmannsturar for ulike redningsgrupper. Statskog har og løyve til transport av materialar og proviant til sine hytter. Det er og gjeve løyve til oppkjøring av skiløyper ved Storenos på Hovden, Ljosland-Lakkenstova , Knaben – Knaberøysi og Fidjeland–Dægevasshytta. Verneområdestyret har og gjeve løyve til at løypetrasen til turrennet Sesilåmi grunnpreparerast med løypemaskin over ein periode på tre veker kvar vinter, og at sjølve spora til turrennet kjørast opp siste veka før rennet. Agder Energi, Øvre Otra og Sira-Kvina kraft selskap har løyve til å bruke snøskuter i samband med snømåling, tilsyn og vedlikehald av kraftinstallasjonar.
I tillegg kjem om lag 190 vanlege løyver som gjeld transport i samband med beitebruk og transport til hytter. Årleg blir det gjeve om lag 60 ordinære helikopterløyve på til saman om lag 120 transportar.
3.7.2 Verneverdiar og trugsmål
Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er Noregs nest største verneområdet og inneheld ei lang rekke verneverdiar både knytt til enkeltlokalitetar og heilskapen i område. Med utgangspunkt i verneføreskrift og verneplan kan særleg verneverdiar knytt til villrein, rovfugl, landskap, botanikk og kulturminne trekkast fram.
Den kanskje viktigaste verneverdien knytt til Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er område sin funksjon som leveområde for Europas sørlegaste villreinstamme.