Brokke-Suleskarvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Brokke-Suleskarvegen er ein 42 km lang vinterstengt fylkesveg som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal i Vest-Agder. Han vart opna i 1990. Frå Nomeland til fylkesgrensa mot Vest-Agder ved Håhellervatn er det offisielle vegnamnet Fylkesveg 337. Lokalt i Valle heiter dette vegstykket Suleskarvegen, og er 26,9 km langt. Frå fylkesgrensa til Suleskar er namnet Fylkesveg 987. Dette vegstykket er 15,1 km langt.

I 2016 opna Brokke-Suleskarvegen 20. mai 2016 og stengte 1. november 2016. I 2017 opna han også 20. mai. Det same var tilfellet i 2018.

Kjelder[rediger]